Undersøking av gråskimmelsoppen i jordbærfelt i Agder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 22.07.2016 | Sist oppdatert: 25.07.2016
Det vil bli gjort nærare undersøkingar av gråskimmelsoppen i jordbærfelt i Agder.
Ein del jordbærdyrkarar, spesielt i Agder, har i sommar fått sterkt reduserte avlingar på grunn av angrep av soppsjukdommen gråskimmel. Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS ba om møte med politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet. Slikt møte vart halde med statssekretær Terje Halleland den 18. juli.
– På dette møtet fekk eg ei orientering om situasjonen, som er vanskeleg for fleire jordbærprodusentar, særleg i Agder, seier statssekretær Terje Halleland.
– Frå produsenthald vart spesielt tatt opp trongen for å gjere undersøkingar og prøvetaking av gråskimmelsoppen for å få meir kunnskap om eventuell resistens mot plantevernmiddel, seier Halleland.
Med bakgrunn i spørsmål knytt til resistensutvikling og oppmodinga frå produsentane og Norges Bondelag har Landbruks- og matdepartementet gitt Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i oppdrag å gjennomføre ytterlegare kartlegging resistensutviklinga. NIBIO vil nå saman med Norsk Landbruksrådgivning ta ut prøver frå om lag 20 ulike felt i Agder, opplyser Halleland.
– Nærare detaljer om prøvetakinga vil NIBIO utarbeide saman med Norsk Landbruksrådgivning, slik at prøvene kan bli analysert i løpet av hausten. Endelig svar på prøvene vil kunne vere klare i januar/februar, seier statssekretær Terje Halleland.
Halleland strekar under at slik skade og reduksjon av avling som ein del jordbærdyrkarar i Agder har hatt i sommar, er ein risiko alle som driv med landbruk er utsett for. Avlingane kan variere mykje frå år til år, avhengig av vér- og veksttilhve.
Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler
Gråskimmelsoppen har ein livssyklus som gjer at det lett oppstår resistens ved bruk av plantevernmiddel.
Det har vore gjennomført undersøkingar gjennom et prosjekt under Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Denne undersøkinga, som er gjort av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i samarbeid med Norsk Landbruksrådgivning, galdt Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Sogn- og Fjordane. Dette arbeidet blir nå utvida til også å femne om Agder.