Antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 29.06.2016
Utfordringane knytt til antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han i dag tok opp spørsmålet på Nordisk ministerråd sitt møte i Åbo.
Dei nordiske landa vil halde fram sitt felles arbeid for å bekjempe resistensutfordringa. – Eg er godt nøgd med at dei nordiske helse-og landbruksministrane i september i fjor vedtok den første felles One-Health-deklarasjonen der prinsippa for det vidare arbeidet med One Health er nedfelt, seier Dale.
– No er det viktig at vi kjem vidare i arbeidet og får nedsett ei strategisk gruppe som skal bidra inn mot globale prosessar i arbeidet mot antibiotikaresistens i EU, WHO, FAO og andre internasjonale organisasjoner, seier landbruks-og matminister Jon Georg Dale.
Det er stadig fleire bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika; dei er antibiotikaresistente. Dette kan få store konseskvensar for folkehelsa ved at infeksjonar som i dag er relativt enkle å behandle med antibiotika kan bli svært alvorlege. Årsaka til resistensen er overforbruk og feil bruk av antibiotika til folk og dyr.