Finalerunde i Gylne Måltidsøyeblikk 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2016
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer dei fem finalistane i konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk.
– God mat og drikke syter for trivsel og livsglede. Eg er glad for å sjå at så mange alders- og sjukeheimar deltok i konkurransen. Alle dei fem finalistane i år har oppnådd ein høg poengsum. Det viser at mange sjukeheimar har stor kunnskap og merksemd på kva god mat og måltidsglede har å seie for dei eldre på institusjon, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Av dei om lag 200 alders- og sjukeheimane som deltok i konkurransen Gylne måltidsøyeblikk 2016, er det fem finalistar som har utmerka seg. Dei fem har, på grunnlag av spørjeskjemasvar, oppnådd dei høgaste poengsummane. Det var mogeleg å oppnå 80 poeng, og dei fem finalistene har alle oppnådd meir enn 74 poeng.
I finalerunden vil alle dei fem sjukeheimane få besøk av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Forbrukerrådet og Pårørendeaksjonen. Representantane vil danne grunnlaget for ei innstilling om kven som fortener å vinne Gylne Måltidsøyeblikk 2016. Både dei tilsette, beboarar og pårørende vil bli høyrde. Tema for samtalene vil mellom anna vere mat, matglede, tilretteleggjing av mat og måltider, bruk av lokale råvarer, og heilskapleg kvalitet. Filmsnuttar, bilete og intervjuguidar vil bli brukt for å fange opp atmosfæren på staden.
I finalen vil alle dei fem sjukeheimane stille likt. Vinneren vil motta ein premie på kr 10.000,- i løpet av hausten 2016.
Dei fem finalistene i Gylne Måltidsøyeblikk er:
- Vanylven omsorgssenter, Møre og Romsdal
- Økernhjemmet, Oslo
- Sundheim Bo- og treningssenter, Vinstra, Oppland
- Gloppen omsorgssenter, Sogn og Fjordane
- Løten Helsetun, Hedmark