Betre erstatning etter offentlege pålegg i husdyrproduksjonen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 31.05.2016
Landbruks- og matdepartementet har 29. mai 2016 fastsett ny forskrift om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjonen. Forskrifta skal gjelde frå 3. juni 2016. – Dei faste satsane for erstatning for produksjonsdyr er auka med om lag 20 prosent i høve til satsane som gjeld no. Det vert òg ein auke i godtgjeringa for eigeninnsats i arbeid med smittesanering, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Kamp mot antibiotikaresistens
Føremålet med forskrifta er å medverke til å bekjempe planteskadegjerarar, sjukdomar hos dyr og smittestoff. Forskrifta fastset den økonomiske erstatninga til dei som får pålegg om tiltak.
– Regjeringa er oppteken av å sikre mattryggleiken. Vi har derfor ein særs ambisiøs strategi for å hindre at resistente bakteriar får fotfeste i norsk husdyrhald, seier landbruks- og matminister Dale.
Den nye forskrifta tydeliggjer gjeldande reglar, noko som vil styrkje grunnlaget for lik praksis og gjere reglane enklare å forstå og forvalte.
Forskrifta gir administrative forbetringar og betre likebehandling. Utbetalingar etter pålegg i planteproduksjonen forventas å verte noko lågare fordi erstatning avgrensast til berre å gjelde ved destruksjon av planter.
Etter anmodning frå Stortinget går departementet no òg gjennom visse andre sider knytt til erstatning ved funn av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet.