Handlingsplan mot antibiotikaresistens
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 16.03.2016
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er uroa for den globale utviklinga når det gjeld antibiotikaresistens. – Dette er ei av dei største helseutfordringane vi står overfor i dag, seier Dale.
Regjeringa har tidlegare vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens. No har landbruks- og matminister Dale fastsatt ein handlingsplan for arbeidet mot antibiotikaresistens for Landbruks- og matdepartementet sin sektor.
Dei mest sentrale tiltaka er følgjande:
- Vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar skal verte eit reservoar for resistente bakteriar.
- Reservere enkelte kritisk viktige antibiotikum til humanmedisin.
- Styrkje tilsynet med veterinærane si forskriving av antibiotika til produksjonsdyr og kjæledyr.
- Fase ut bruken av Narasin som fôrtilsetningsstoff til fjørfe, føresett at dette ikkje aukar bruken av antibiotikum.
- Utreide forskriftskrav om resistenstesting av røktarar og andre som har kontakt med svin.
- Vidareføre arbeidet mot antibiotikaresistens hos fjørfe.
- Utreide strengare krav ved omsetnad av livdyr.
- Styrkje overvaking og kunnskapsutvikling.
Målet er mellom anna å redusere bruken av antibiotikum til husdyr med minst 10 prosent og bruken av antibiotikum til kjæledyr med minst 30 prosent samanlikna med forbruket i 2013.