Oppfølging av nasjonal jordvernstrategi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.03.2016
Regjeringa har laga ein nasjonal jordvernstrategi som Stortinget behandla 08.12.2015. I vedtaket fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar, og bad regjeringa om at målet nås gradvis innan 2020.
I eit brev til landets kommunar, fylkekommunar og fylkesmenn seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale: – Eg har tillit til at kommunane og fylkeskommunane i si forvaltning og planlegging følgjer opp det målet Stortinget har fastsett, og at fylkesmannen bidreg med rettleiiing og formidling av statlege interesser tidleg i denne planlegginga.
- Les heile brevet (pdf)