Følgjer opp eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.11.2016
Handlingsplana mot antibiotikaresistens vart vedteke i mars 2016. Etter eit halvt år er det no utarbeid status for dei ulike tiltaka, både dei som utførast av Mattilsynet, Veterinærinstituttet, næringa og av departementet.
Handlingsplanen er forankra i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015 - 2020.
– Antibiotikaresistens er ei stor global helseutfordring både for dyr og mennesker, og dette har eg teke opp i fleire internasjonale samanhengar. Noreg har i dag ein stor aktivitet både når det gjeld overvaking, forvaltningsmessige tiltak og forsking innafor landbruks- og matsektoren. Dette er eit kontinuerleg arbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Dei mest sentrale tiltaka er følgjande:
- Vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar skal verte eit reservoar for resistente bakteriar.
- Reservere enkelte kritisk viktige antibiotikum til humanmedisin.
- Styrkje tilsynet med veterinærane si forskriving av antibiotika til produksjonsdyr og kjæledyr.
- Fase ut bruken av Narasin som fôrtilsetningsstoff til fjørfe, føresett at dette ikkje aukar bruken av antibiotikum.
- Utreide forskriftskrav om resistenstesting av røktarar og andre som har kontakt med svin.
- Vidareføre arbeidet mot antibiotikaresistens hos fjørfe.
- Utreide strengare krav ved omsetnad av livdyr.
- Styrkje overvaking og kunnskapsutvikling.
- Sjå handlingsplan med oppdatert status (pdf)
- Sjå status for forskingsprosjekt hjå Veterinærinstituttet (pdf)