Dyrekrimprosjekt i Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.10.2016
Mattilsynet i Region Sør og Vest og Politiet startar eit dyrekrimprosjekt i Rogaland. Prosjektet i Rogaland er det andre i sitt slag her i landet. Målet er å utvikle betre system og rutinar for behandling av dyrekrimsaker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til straffesak og domfelling.
– Overgrep mot dyr uroar mange og får stor offentlig merksemd. Dette er noko vi må ta på største alvor. Dyr i Norge har det godt. Med dette tiltaket styrker vi dyrevelferden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
– No får Rogaland si eiga dyrekrimgruppe med dedikerte personar som skal styrke politiet i kampen mot dyrekrim, seier Dale.
– Vold mot dyr kan og henge saman med vold mot menneske.
– Auka fokus på dyrekrim kan derfor føre til at fleire saker om vold i nære relasjonar eller mot barn blir oppdaga. Det kan også bidra til å førebygge annan voldskriminalitet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Dyrekrimgruppa i Rogaland er sett saman av bl.a. etterforskarar, miljøkoordinator og juristar frå politiet, og veterinærar og juristar frå Mattilsynet, Region Sør og Vest.
Det er i år løyvd 4 millionar kroner i prosjektmidlar til drift av prosjektet i Rogaland.
Dyrekrimprosjekt i Trøndelag
I fjor vart det starta opp eit treårig pilotprosjekt om dyrekrim i Sør-Trøndelag politidistrikt. Dette prosjektet kan alt vise til framgang i samhandling mellom Mattilsynet og Politiet.
Landsdekkande samarbeidsavtale
Mattilsynet og politiet har og ei formell samarbeidsavtale som gjeld heile landet.