Store forventningar til ein nasjonal modell for vaksenagronomen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 28.10.2016
Det er stor etterspurnad etter kompetanseutvikling i norsk landbruk, særleg blant dei som har planar om å gå inn i landbruket eller som nett har overtatt ein gard. Mange av desse har anna utdanning og yrkesbakgrunn frå før, og har behov for meir fagleg utvikling på landbruksområdet. Kunnskap som dei gjerne og vil dokumentere. Dei ulike tilboda om agronomikurs for vaksne har vore svært populære, men dei er ulike i innhald og organisering.
– Eg veit det er mange motiverte og kunnskapshungrige bønder der ute. Med ein standardisert modell vil vi få eit felles system for dokumentasjon på agronomutdanninga for vaksne. Utgreiinga er eit viktig tiltak for å styrke kompetansen til dei som ønsker å satse på landbruket og utvikle garden sin vidare, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
I jordbruksoppgjeret i år blei partane einige om at det skulle bli sett av midlar til ei utgreiing av ein nasjonal modell for vaksenagronomen. Ein nasjonal modell må sikre fagleg kvalitet og ha eit standardisert innhald, samstundes som tilbodet må være fleksibelt og tilpassa målgruppa. Målet er at eit nasjonalt tilbod skal være et tiltak for å styrke kompetansen i landbruket.
Landbruks- og matdepartementet har no inngått ein avtale med Trøndelag Forskning og Utvikling, som saman med Østlandsforskning skal stå for utgreiinga.
Utgreiinga skal være ferdig innan 1. mars 2017 og vert gjort i samarbeid med faglaga og Utdanningsdirektoratet.