Ny rapport om kampen mot resistente bakteriar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 28.09.2016
Mattilsynet har i samarbeid med Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og svinenæringa lagt fram ein ny rapport som visar at det er samfunnsøkonomisk lønnsamt for folkehelsa å hindre etablering av antibiotikaresistente bakteriar i norske svinehald.
I mange land har svinehald vist seg å vera eit reservoar for den resistente bakterien LA-MRSA. Noreg er det einaste landet som har valt å sanere svinebesetningar med denne bakterien av omsyn til folks helse. LA-MRSA er ein resistent bakterie som kan spreiast mellom dyr og menneske. Hensikta med MRSA-strategien er å unngå at svinebesetningar blir ei kjelde for resistente bakteriar i samfunnet.
MRSA har lita betyding for grisane, men kan vere særs alvorleg for menneske. Sidan det første utbrotet i 2013 har Noreg difor hatt ein offensiv nedkjempingsstrategi med utslakting og sanering av smitta svinehald. Så langt har denne strategien vore vellukka.
– Eg er særs nøgd med at denne nye rapporten frå Mattilsynet som dokumenterer at dei omfattande norske tiltaka óg er samfunnsøkonomiske lønsame, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Rapporten beskriv seks ulike handlingsalternativ. I rapporten kjem det fram at dei to mest effektive handlingsalternativa tilsvarar dagens MRSA-strategi. Dagens strategi vil og vere den mest kostnadseffektive, uavhengig av om næringa sine aukande forsikringskostnadar blir inkludert eller ikkje.