Skogforskinga på Vestlandet feirar 100 år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.09.2016
Norsk skogforsking på Vestlandet feirar i år 100 år. Det blir mellom anna markert med eit seminar med foredrag om Vestlandsskogen i regi av NIBIO og Forskingsdagane idag.
– Som vestlending er eg stolt av våre forfedrar som drog i gang dette arbeidet. Som landbruks- og matminister er eg òg stolt av den innsatsen den samla skogforskinga vår gjer og den kunnskapen dei leverer til både næring og styresmakter, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
100 år med skogforsking på Vestlandet
For 100 år sidan nådde norske skogressursar eit historisk lågmål, og det var eit stort gap mellom behov og tilgang på trevirke. Eit sterkt ynske om å gjenreise skogen resulterte i at Vestlandets forstlige forsøksstasjon ble oppretta, og er ein av forlauparane til det som i dag er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Det var mange årsaker til at Noreg fekk ein nasjonal ressurskrise som utløyste "skogsaka". I mange hundre år hadde skogen blitt overutnytta til beiting, bygningstømmer og brensel. Tømmer ble eksportert til utlandet og den generelle befolkningsveksten førte til eit stadig aukande heimemarknad for norsk trevirke. Skogen var avgjerande for utviklinga av Noregs velstand, og fyrst tidleg på 1900-tallet ble trevirke som energikjelde gradvis erstatta av elektrisitet og olje.
Ville gjenreise skogen
For å gjenreise skogane ble skogforskingen på Vestlandet oppretta i 1916. Skogforskinga på Vestlandet fylgde to hovudlinjer. Den eine var å finne ut kva for plantemateriale av gran som passa for Vestlandet, den andre var å finne andre artar av bartrær som passa for landsdelen. Tett knytta til dette kom mellom anna forsking på å kjempe mot plantesjukdom, planteskoledrift og stell og gjødsling av skogen.
Seminar om Vestlandsskogen 26. september Som ein del av markeringa av 100-årsjubileet for skogforskinga inviterer NIBIO i samarbeid med Forskingsdagane i Bergen til seminar om Vestlandsskogen den 26. september. Det skjer som ein del av Forskingsdagane 2016.