Gjev ti bod for jordvern
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 14.08.2017
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har laga ein brosjyre som tek for seg jordvern både internasjonalt og nasjonalt. Brosjyren gjev lærdom og nøkkelinformasjon om kvifor matjorda må bli tatt vare på.
Brosjyren tek og for seg korleis vi brukar jorda til å produsere mat, korleis jorda gjev levande bygder, og kvifor jorda er naudsynt for miljøet. I jorda ligg det også mykje lærdom om fortida. I tillegg er jordvern viktig for landskapet. Eit variert kulturlandskap gjev stor verdi for friluftsliv, rekreasjon og turisme. Jorda vernar også mot flom, ved å ta opp store mengder vatn når det regnar som verst.