Norsk-kinesisk samarbeid om berekraftig jordbruk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.08.2017
I dag møtte Landbruks- og matdepartementet ein delegasjon frå landbruksakademiet i Heilongjiang-provinsen i Kina i samband med det norsk-kinesisk samarbeidet om miljøvenleg og berekraftig jordbruk. Den kinesiske delegasjonen har og møtt forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet der dei utveksla erfaringar innan miljøvenleg matproduksjon, veterinær beredskap og dyrehelse.
Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS) nordaust i Kina har ei særs viktig rolle for den nasjonale matsikkerheita i landet. Dei har samarbeida med NIBIO om forsking innan berekraftig jordbruk i sju år. Institutta signerte i 2015 ein ny femårig samarbeidsavtale om vidare samarbeid om forsking på matproduksjon og mattryggleik.
Inviterer Noreg til workshop i Kina
Under dagens møte peika den kinesiske delegasjonen på at dei er nøgd med samarbeidet og ser fram til å arbeide vidare saman med Noreg. Dei brukte anledninga til å invitere Landbruks- og matdepartementet saman med NIBIO og Veterinærinstittutet til ein samling, som inneheld både kurs og arbeidsoppgåver, i Kina neste år. Husdyrproduksjon, dyrevelferd, antibiotikaresistens, plantehelse og potetforsking vil vere sentrale tema.
Skal styrkje samarbeidet
Den kinesiske delegasjonen deltar denne veka på eit samarbeidsseminar hjå NIBIO på Ås. Dei skal og vitje Veterinærinstituttet. Fokuset vil mellom anna vere etterspørsel i dag og i framtida av sunn, trygg og nok mat. Dei vil ogso ta for seg jordmiljø, berekraftig landbruksutvikling, jordbruksindustrimodellar og planterotasjon kombinert med buskapsproduksjon. Målet er å styrkje samarbeidet mellom norske og kinesiske forskningsinstitusjonar innan landbruk og dyrehald, grøn syklus og miljøvenleg matproduksjon.
Mykje å lære av kvarandre
Noreg og NIBIO saman med Veterinærinstituttet har lang erfaring innan matsikkerheit, mattryggleik, miljøvenleg og berekraftig landbruk og er difor ein interessant samarbeidspartnar for HAAS. Kina har ei kraftig satsing og utvikling på forsking og teknologi i landbruket. Eit internasjonalt samarbeid bidreg til å finne gode nasjonale og lokale løysingar.