Mange norske forskingsprosjekt får EU-støtte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.02.2017
Noreg har stor suksess med løyving av mange forskingsprosjekt innen landbruks- og matsektoren frå Horisont 2020.
Norske forskarar har lukkast godt i å hente forskingsfinansiering frå EU innen landbruks- og matsektoren. I desember 2016 fekk heile fem forskningsprosjekt med norske partnarar finansiering frå EU. Frå norsk side deltek forskingsinstitusjonane NIBIO, Nofima, Veterinærinstituttet, NMBU, Bygdeforskning samt ein rekkje andre norske aktørar.
- Forsking og utvikling er naudsynt for auka berekraftig matproduksjon i ei tid med klimaendringar. Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å sikre at Noreg har gode forskingsmiljø. Dei gode resultata viser at det er høg kvalitet i den landbruks- og matfaglege forskinga i Noreg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Fem prosjekt med norske deltakarar har fått løyving frå Horisont 2020:
- Eit prosjekt skal bidra til auka, berekraftig og klimatilpassa matproduksjon i Afrika. For meir informasjon sjå NIBIO
- Eit prosjekt, som skal koordinerast av Nofima, skal gi forbrukarane meir kunnskap om trygg oppbevaring og tilbereiing av mat. Keep-it As, Designit, SIFO og Arkitektur- og Designhøgskolen er og med i prosjektet. For meir informasjon hjå Nofima
- Samt tre prosjekt om ny kunnskap og bedre rådgiving innen landbruket, matmerking og matjuks og forbedra eng- og frøbelgvekstar.
Horisont 2020
Horisont 2020 er det største forsknings- og innovasjonsprogrammet i verda, med 80 milliardar euro fordelt på sju år (2014-2020). Målsettinga med programmet er å styrkje den økonomiske veksten og auke sysselsettinga i Europa. Norske bedrifter og forskningsmiljø kan delta på linje med kolleger og konkurrentar i andre europeiske land. Horisont 2020 er delt inn i tre hovedområde. Under temaet Samfunnsutfordringar er det definert sju sentrale tema. Ein av disse er "Berekraftig landbruk, bioøkonomi, mattryggleik og marin og maritim forskning".
FNs bærekraftsmål FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtekne av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei første landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja berekraftig landbruk. |