Mat og genuine opplevingar skal gjere Noreg til eit attraktivt reisemål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.01.2017
Jon Georg Dale presenterte den nye reiselivsstrategien "Opplevingar for ein kvar smak", på Regionsamlinga i samband med Grüne Woche i Berlin. – Eg håpar alle no får auga opp for kva landbruket og reindrifta kan bidra med i reiselivssamanheng. Vi er litt "heimeblinde" – vi ser ikkje alltid kva unike opplevingar vi har å by på, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Reiselivsnæringa er ei raskt veksande næring nasjonalt og globalt. Dei siste turistundersøkingane til Innovasjon Norge viser mellom anna at det er aukande etterspurnad etter genuine opplevingar, og at utanlandske turistar ønskjer eit større mangfald av kulturelt innhald, mat og drikke som ledd i opplevinga. – Vi må bli enda proffare, flinkare på å pakke reiser og opplevingar, ha gode digitale bookingsystem, framstå som kunnskapsrike vertar og ha god dialog med kundane for å skreddersy draumeferien for turistar frå hele verda, seier Dale.
Strategien synleggjer korleis landbruket og reindrifta kan vere innhaldsleverandørar for reiselivet og inngå i heilskaplege reiselivsprodukt. Næringsorganisasjonar frå landbruket og reindrifta, sentrale aktørar i forvaltninga, Sametinget og andre interessentar har kome med skriftlege innspel til arbeidet, og har blitt invitert til dialogmøte om utarbeiding av strategien. Strategien gir mål og retning for dei offentlege aktørane sine prioriteringar av verkemiddel, men viser òg til kva forventningar ein har til næringa.
Gjennom strategien signaliserer regjeringa ambisiøse mål for ytterlegare vekst på området:
- Noreg skal vere ein internasjonal anerkjend matnasjon med tydeleg lokal og regional identitet.
- Opplevingar og aktivitetar frå landbruket og reindrifta skal bidra til å utvikle Noreg til eit attraktivt reisemål.
– Eg håpar reiselivsstrategien blir lest og gir inspirasjon, og at den blir brukt som ein felles plattform for å auke profesjonaliseringa. Strategien synleggjer dei mange strengane vi har å spele på. Nå startar dugnaden for å nå måla våre og skape flere arbeidsplassar og oppretthalde levande bygder og lokalsamfunn, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
På Regionsamlinga i Berlin i år møtte Dale ein delegasjon på drøyt 100 representantar frå næringsliv, politikk og offentleg forvaltning i regionane Sørlandet, Fjord Norge og Osloregionen.
- Se bilder fra Grüne Woche på Flickr
(kan benyttes fritt mot kreditering av fotograf)
Internationale Grüne Woche, 20.01. - 29.01.2017
Messe Berlin: Norwegen, Standnr 114, hall 8.2,
Messedamm 22, D - 14055 Berlin