Utprøving av mentorordning for landbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.01.2017
Norsk Landbruksrådgiving startar no opp med utprøving av ei lågterskel mentorordning i landbruket i samarbeid med Innovasjon Norge og landbruket sine organisasjonar regionalt.
– Jobb nummer ein for meg er å medverke til at dei som vil satse på ei framtid i landbruket lukkast med det. For unge bønder er det viktig å kunne dra veksel på praktisk kunnskap og kompetanse frå erfarne næringsutøvarar. Gjennom forsøket "bonde hjelper bonde" er det nettopp lagt opp til dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Mentorordninga "bonde hjelper bonde" tilbyr mentorhjelp innan tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Unge under 35 år blir prioritert og erfarne næringsutøvarar blir nytta som mentorar. Mentorordninga vil omfatte Trøndelag, Aust-Agder, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane. Det er avsett 4 millionar kroner til det toårige forsøket over jordbruksavtala, og forsøket vil bli evaluert.
Søkandsfrist for mentorhjelp er 12. januar.