To kandidatar frå Midt-Noreg konkurrerer om nasjonal jordvernpris
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.07.2017
Å motivere til nyskapande strategiar og tiltak som tek vare på Noreg si matjord, er målet når nasjonal jordvernpris blir delt ut i år. Blant 23 nominerte kandidatar kjem fem frå Midt-Noreg.
– Skal vi ha nok jord til å dyrke mat på i framtida, er det avgjerande at kommunane har nok kunnskap og kompetanse til å leggje gjennomtenkte planar, gjere gode vurderingar og ta dei rette avgjerdene for matjorda vår, seier Dale.
Berre tre prosent av Noreg sitt landareal kan nyttast til matproduksjon. Det er difor viktig å ta vare på matjorda. Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa sin nasjonale jordvernstrategi. Prisen skal medverke til å auke merksemda om jordvernet, og få fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. Juryen blir leia av landbruks- og matministeren, og skal vurdere 23 nominerte kandidatar. Av desse kjem fem frå Midt-Noreg. Dei to nominerte frå Midt-Noreg er:
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune har eit sterkt engasjement for landbruket i fylket, fra føresetnader til utviklingsmoglegheiter. Fylkeskommunen har vedtatt ein regional plan for arealbruk som inkluderer retningsliner for å ta vare på dyrka jord. I tillegg har fylkeskommunen klargjort vesentlege regionale jordvern-interesser.
Malvik i Sør-Trøndelag
Malvik kommune har i mange år tatt eit sterkt jordvernansvar i sin arealforvaltning, og har ei aktiv jordvernhaldning i lokale og regionale saker. I dei seinare åra har det og blitt oppsving i nydyrkinga i kommunen.