Oppmodar alle ordførarane: Set matomsorg på dagsorden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 15.06.2017
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale oppmodar ordførarane til å setje matomsorg for eldre på dagsorden i kommunestyret. Det gjeld både maten som blir servert til eldre på institusjon, og middagsserveringar for dei som bur heime.
– God mat er avgjerande for å møte eldrebølga som kjem om få år. Når fleire vil bu heime, er det viktig å tilby måltid som gjev eldre måltidsglede og rett ernæring, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Oppmodinga gir han gjennom eit brev til ordførarane, der Dale inviterer kommunane til å delta i konkurransen «Gylne måltidsaugeblikk 2017». Konkurransen skal bidra til å skape merksemd rundt mangfaldet av middagsløysningar for eldre som bur heime, anten dei et heime eller saman med andre. Dale peikar på at måltid for eldre skal vera eit høgdepunkt på dagen. Det er viktig å involvere bebuarane og pårørande, og gjerne bruke lokale råvarer.
– Private og kommunale aktørar har ein jobb å gjere for å etablere fleire måltidstilbod for eldre. Det ligg store moglegheiter for dei som vil satse på nye og spanande løysingar, seier Dale.
Ordførarane har fått i oppdrag av statsråden å melde på gode matordningar til Gylne måltidsaugeblikk. I tillegg kan alle som er nøgde med ei ordning sende inn eit tips til gm2017@lmd.dep.no innan 15. juli.