Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2017
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.05.2017
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om kulturlandskapsprisen som gjekk til «Der ingen skulle tru» - bonde.
- Kulturlandskapspris til «Der ingen skulle tru» - bonde
- Grendavis pollinering på digitale kart
- Interkommunalt samarbeid om skog
- Økologisk kjøt – finn eg det i butikken?
- Kunnskap er viktig for auka bruk av Inn på tunet
Kulturlandskapspris til «Der ingen skulle tru»-bonde
Leif Magne Sylvarnes frå Vik fekk tysdag 26. april tildelt Kulturlandskapsprisen for Sogn og Fjordane 2017. Bonden som mange kjenner frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» fekk prisen for sitt arbeid med landbruk og skjøtsel på den veglause garden Sylvarnes.
Leif Magne Sylvarnes har gjort ein stor innsats for å ta vare på kulturlandskapet og tradisjonane på garden. På ein positiv og inspirerande måte let han andre ta del i dette gjennom dugnadar, besøk og reportasjar. I 2016 fekk heile landet innblikk i kvardagen på garden gjennom tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Etter oppvekst på Sylvarnes har han i heile sitt vaksne liv drive den veglause garden på sørsida av Sognefjorden. Han arbeider full tid på garden, -no dei siste åra i lag med drengen, Marek Dunkel frå Polen. Her har han ein liten flokk vestnorsk fjordfe, om lag 30 sauer og ein fjording som vert nytta som arbeidshest. Mjølka vert frakta til Vik meieri med båten som kjem til Sylvarnes annankvar dag. I Vik vert mjølka nytta i gamalostproduksjonen.
Under prisutdelinga framheva landbruksdirektør Christian Rekkedal at Sylvarnes er eit flott døme på aktive gardbrukarar som brenn for å ta vare på kulturlandskapet og kulturhistoria, og som samstundes ser utover garden og inkluderer folk utanfrå til å ta del i gardsdrifta. Ettersom garden framleis vert driven på ein så autentisk måte, er han eit framifrå døme på korleis det tidlegare såg ut i alle desse veglause grendene, der landbruket har vore levebrød til alle tider.
Prisvinnaren sjølv var både overraska glad over heideren, og uttalte i si takketale at han aldri hadde drøymt om å få ein pris for å gjere jobben sin. Samstundes fortalde han at han gjennom dei siste åra med nedlegging av mange gardsbruk har blitt fastare og fastare bestemt på å halde garden i hevd.
- NRK sitt programinnslag- Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
- Sogn Avis sin omtale av NRK sitt programinnslag
Grendavis pollinering
Nyutvikla pollineringskart syner kor mange og til kva tid ein bør sette ut bikuber for å sikre god pollinering av frukttrea i ulike grender.
Bruk av honningbier til pollinering er ein føresetnad for å få høge avlingar i morellproduksjonen og i produksjon av bringebær i tunell. Men i fruktproduksjonen er det enno relativt få som nyttar honningbier. Tal frå Hardanger viser at fruktprodusentane med honningbier i snitt for 2014 og 2015, hadde 30 % høgare avlinga i enn dei utan i bikubar. Fleire faktorar spelar inn på dette, men effektiv pollinering er ein føresetnad for fruktproduksjonen.
I eit prosjekt kalla PolliVest ynskjer ein å rekruttere fleire birøktarar som kan leige ut bikubar til pollinering i frukthagane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet er å auke både honningproduksjonen og auke kvalitet, avling og stabilitet i produksjonen av frukt og bær.
Då honningbier kan fly eit stykke på sitt næringssøk, er det rasjonelt å plassere fleire kuber på same staden. I PolliVest jobbar vi med å utvikle pollineringskart som syner kva vekstar som finst i ulike grender. Med utgangspunkt i kartet kan ein berekne kor mange kubar ein treng til grenda, og finne gunstige oppstillingsplassar for bikubar som sikrar jamn fordeling av honningbiene. Då vert pollineringseffekten og dermed produksjonen i grenda størst mogleg.
Pollineringskartet viser grenda Slinde i Sogndal kommune. Frukthagane er fargelagt etter kva vekstar som finst i hagane, og potensielle oppstillingsplassar for bikubar er merkte av. Vonleg vil vi etter nokre år få nok bikubar i Sogn og Fjordane og Hordaland til å stette behovet for honningbier til frukt- og bærnæringa, og samstundes produsere meir honning til ein marknad som etterspør meir vare.
Interkommunalt samarbeid og skog
Gjennom «Skog i Sogn» samarbeider sju kommunar om forvaltnings- og utviklingsoppgåver innan skogbruk. Fylkesmannen har gitt midlar for å samle og styrke skogkompetansen i desse kommunane.
Prosjektet starta opp i 2016 og hadde som overordna mål at kommunane i området til Sogn regionråd skulle gå saman om ei skogsatsing med interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse. På denne måten ønska dei å få på plass skogbrukskompetanse/fagressursar til ei fagleg god forvaltning og eit aktivt nærings- og utviklingsarbeid innan skogbruket.
Før prosjektet var kommunane svært ulikt bemanna på skogsektoren. Nokre var utan skogkompetanse og brukte svært små ressursar på skogforvaltning. Gjennom det interkommunale samarbeidet har alle kommunane tilgang til kompetanse og kan gjere ein betre jobb med forvaltning- og utviklingsarbeid på skogområdet.
Økologisk kjøt – finn eg det i butikken?
Økologisk lammekjøt skal fram til fram til forbrukar. Dette er målet med prosjektet Fylkesmannen og Kompetansenavet Vest starta i 2016.
Sogn og Fjordane åleine hadde i 2016 ein produksjon på 73 tonn økologisk sau- og lammekjøt. Svært lite av dette vart merka som økologisk fram til forbrukar. Grunnen til at kjøtet nesten er fråverande i den norske marknaden er m.a. at volumet er for lite til å fulldistribuere til butikk og at det gjerne vert for dyrt som nisjeprodukt.
Hausten 2016 vart det prøvd ut testsal av ferskt og foredla kjøt i butikk. Ved smaking fekk vi bekrefta at få av forbrukarane kjøpte kjøtet berre fordi det var økologisk, men ved å merka kjøtet med staden det kom i frå og bonden sitt namn auka interessa. At kjøtet i tillegg var økologisk var berre positivt eller eit ekstra pluss til fordel for kjøtet.
Som eit resultat av prosjektet har ei bedrift starta med foredling av eige kjøt og ei foredlingsbedrift har fått debiogodkjenning for anlegg sitt. Marknaden er der, så det handlar om å finne lønnsame løysingar for å handtere produkta effektivt.
Prosjektet vert vidareført i 2017.
Kunnskap er viktig for auka bruk av Inn på tunet
Ein viktig del i arbeidet i Inn på tunet-satsinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, er å auke kunnskapsnivået blant moglege kjøpargrupper av Inn på tunet. På same tid er det viktig Inn på tunet som næring å lære meir om dei ulike mogelege kjøparane av tenestene. Det er lite bruk av Inn på tunet i NAV sine tenester og berre nokre få bedrifter har NAV som kunde.
Som eit første steg på vegen mot auka kunnskap arrangerer Fylkesmannen i samarbeid med NAV Sogn og Fjordane eit møte mellom NAV og IPT-bedriftene i fylket i slutten av mai. Målet er at begge partar skal lære meir om kvarandre for å legge grunnlag for auka samarbeid og meir bruk av Inn på tunet i tiltak knytt til NAV. Det er viktig for IPT-bedriftene å lære meir om kva NAV har ansvar for og kva tiltak og verkemiddel dei nyttar i oppfølginga av sine brukarar der Inn på tunet vil vere relevant. Med betre kunnskap kan det verte lettare å vite kva NAV har behov for og tilby gode tenester. Samstundes vil det vere viktig for NAV og attføringsbedrifter å lære meir om kva Inn på tunet kan tilby og sjå korleis Inn på tunet kan nyttast. Møtet er mellom NAV Sogn og Fjordane og Inn på tunet-bedrifter i fylket der dei kommunale NAV-kontora også vert invitert.
Psykisk helse og rus er eitt av tre prioriterte område i den nasjonale handlingsplanen for Inn på tunet med særleg vekt på utvikling av arbeidsretta tilbod.