Historisk arkiv

Konkurrerer om jordvernpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Å motivere til nyskapande strategiar og tiltak som tek vare på Noreg si matjord, er målet når nasjonal jordvernpris blir delt ut for første gong i år. Juryen kan velje mellom heile 23 nominerte kandidatar.

Berre tre prosent av Noreg sitt landareal er i dag dyrka mark. For å ta vare på matjorda arbeider Regjeringa for å avgrense nedbygging av dyrka jord, og det er naudsynt at både fylkeskommunar og kommunar legg gode planar for å spare mest mogleg av den dyrka marka.

Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa si nasjonale jordvernstrategi. Prisen bidreg til å auke merksemda om jordvernet, og får fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. For at juryen, som blir leia av landbruks- og matministeren, betre skal kunne vurdere kandidatane, har departementet trekt fram fem av kandidatane som departementet oppfattar å vere blant dei mest aktuelle. Likevel står juryen fritt til å velje blant dei 23 nominerte.

Jordvern bynært landbruk, Sandnes i Rogaland
Jordvern bynært landbruk, Sandnes i Rogaland Foto: Fylkesmannen i Rogaland

Her er ei oversikt over 5 av dei 23 nominerte:

1. Vestfold fylkeskommune

Vestfold fylkeskommune har vedtatt en regional plan for berekraftig arealpolitikk. I planen finn ein mellom anna eit tydeleg mål om vern av matjordareal. I tillegg inkluderer den retningsliner for å sikre langsiktig vern av dyrka jord.

2. Nord-Trøndelag fylkeskommune

Nord-Trøndelag fylkeskommune har eit sterkt engasjement for landbruket i fylket, fra føresetnader til utviklingsmoglegheiter. Fylkeskommunen har vedtatt ein regional plan for arealbruk som inkluderer retningsliner for å ta vare på dyrka jord. I tillegg har fylkeskommunen klargjort vesentlege regionale jordvern-interesser.

3. Hå kommune
Hå kommune er den største husdyrkommunen i Noreg, der om lag halvparten av arealet i kommunen blir brukt til jordbruksformål. Kommunen har blant anna gjort viktige grep for å styrke vekstenn, samstundes som det er mål om minst mogleg nedbygging av dyrka jord.

4. Averøy kommune

Averøy kommune verdset jordvernet høgt i arealsamanheng. Etter ein ny kommuneplan som vart vedtatt i 2017, blir det i større grad tatt omsyn til jordvernet. Planen inkluderer tydelege føringar for arealbruk og omsynssone landbruk. 

5. Malvik kommune

Malvik kommune har i mange år tatt eit sterkt jordvernansvar i sin arealforvaltning, og har ei aktiv jordvernhaldning i lokale og regionale saker. I dei seinare åra har det og blitt oppsving i nydyrkinga i kommunen. 

Juryen

Juryen består av landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Brita Skallerud frå Norges Bondelag, Arne Lofthus frå Norsk Bonde og Småbrukarlag, Anne Karine Halvorsen Thorén frå Norske landskapsarkitekters forening og Halvard Dahle Lægreid frå Kommunenes Sentralforbund.