Vil du bli med i mentorordninga i landbruket?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.11.2017
Norsk Landbruksrådgjeving søkjer i desse dagar om nye deltakarar til meontorordninga i landbruket. Dersom du høyrer heime i ein av regionane som er omfatta av prøveordninga kan du søkje om å bli med som ung bonde eller mentor. Søknadsfrist er 1. desember.
I 2017 blei det sett i gong eit 2 årig forsøk med mentorordning i landbruket. Ordninga er finansiert over jordbruksavtala og blir forvalta av Norsk Landbruksrådgiving i samarbeid med faglaga i landbruket og Innovasjon Noreg. Prøveordninga omfattar Hedmark, Oppland, Aust-Agder, Trøndelag og Sogn og Fjordane. Det har vore god oppslutning om ordninga i alle regionane i 2017, med etablering av 8-10 mentorpar i kvar region.
- Du kan lese meir om mentorordninga og søknadsrunde for 2018 hos Norsk Landbruksrådgiving