Skrantesjuke: Alle kjente dyr felt i Nordfjella
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.02.2018
Miljødirektoratet melder at den siste kjente flokken med villrein er felt i Nordfjella sone 1. Nå skal området gjennomsøkast for å sikre at det er tomt for dyr. Det er påvist 17 tilfelle av skrantesjuke (CWD) på reinsdyr frå Nordfjella.
− Eg vil gje uttrykk for ein stor takk til Statens naturoppsyn og innleigd mannskap for den krevjande jobben dei har gjort under til dels vanskelege tilhøve i fjellet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. − Det arbeidet som nå er gjort, er avgjerande for at vi skal lukkast med å verte kvitt den alvorlege dyresjukdommen som skrantesjuke er, seier Dale.
− Det er svært positivt at arbeidet med å ta ut villreinflokken i Nordfjella sone 1 har gått så bra, og at uttaket er gjennomført i god tid før kalvingstida, seier Dale.
− Det er ei trist sak at vi har fått utbrot av denne sjukdommen, og ei særs krevjande avgjerd å ta ut heile flokken. Nå kan vi etter kvart rette merksemda mot å reetablere ei frisk og stadeigen villreinstamme i Nordfjella, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Stadfesta 17 tilfelle av skrantesjuke
Totalt er 1407 villrein tatt ut i Nordfjella sone 1 sidan oppdraget med å sanere området starta 7. november i fjor. Den 25. februar skaut Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) den siste kjente flokken på 23 dyr. Målet var å ta ut all villrein i Nordfjella sone 1 innan 1. mai. SNO har allereie organisert eit systematisk søk etter eventuelle villrein som framleis er i fjellområdet. Det blir tatt prøver av samtlege dyr som er tekne ut i Nordfjella, og desse blir sendt til Veterinærinstituttet for analyse. Per dags dato er det stadfesta 17 tilfelle av skrantesjuke på reinsdyr fra Nordfjella, og i tillegg er det eitt tilfelle som enno ikkje er stadfesta.
Internasjonal merksemd
Noreg sitt omfattande arbeid for å forsøke å utrydde skrantesjuka og hindre at den spreier seg til resten av Europa har fått internasjonal merksemd. I tillegg til å ta ut heile flokken i Nordfjella er det undersøkt om lag 37.000 hjortedyr.
− I eit møte eg nyleg hadde med EU-kommisær Vytenis Andriukaitis roste han den norske innsatsen med omsyn til tiltak for å utrydde sjukdommen og for å utvikle kunnskap om ulike variantar av smittestoffet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
EU-kommisær Andriukaitis ga uttrykk for at dei norske røynslene er særs nyttige når EU skal vidareutvikle dei nye reglane for overvaking og tiltak mot smitte.
– Noreg fekk anerkjenning for det arbeidet vi har gjort. EU peikar nå på Noreg i den vidare oppfølgjinga av CWD på europeisk nivå, fordi vi sit på mykje kunnskap og verdfull røynsle, seier Dale.
Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD)
Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom av same type som skrapesyke hjå sau eller kugalskap, der feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og fører til store lidingar og død for dei dyra som blir ramma. Då CWD vart oppdaga i Noreg av Veterinærinstituttet i fjor var det første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr).
Det vart gjort vedtak om at flokken i Nordfjella skal takast ut innan 1. mai 2018. Målet er å avgrense og om mogleg utrydde sjukdommen. Dersom ein kan hindre at sjukdommen spreier seg, vil mange dyr kunne bli spart for dei lidingane den fører med seg. Etter ein brakkleggingsperiode er det planen å reetablere ei frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.