Dale inviterer jordbruket til møte om tørke og avlingssvikt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 23.07.2018
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale inviterer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag til eit møte måndag 23. juli for å gå gjennom situasjonen med tørke og avlingssvikt, og korleis jordbruket samarbeider for å sikre størst mogleg avling.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale inviterer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag til eit møte måndag 23. juli for å gå gjennom situasjonen med tørke og avlingssvikt, og korleis jordbruket samarbeider for å sikre størst mogleg avling.
Tid: Måndag 23. juli kl 15.00
Stad: Landbruks- og matdepartementet, Teatergata 9/R6 Oslo
Pressetreff: kl 16.00
Kontakt: Kaja Godager, mobil: 919 19 893
Media som ønskjer å fotografere ved oppstart av møtet, møter i resepsjonen R6 seinast kl 14.45. Det blir pressetreff i resepsjonen R6 klokka 16.00.
Den langvarige tørken og varmt vér har i sommar gitt stor avlingssvikt over store delar av landet. Mange bønder har problem med å skaffe nok fôr til dyra sine. Dale peker på viktigheten av at statleg regelverk ikkje er til hinder for at bøndene kan gjere naudsynte tilpassingar for å skaffe meir dyrefôr.
Landbruks- og matdepartementet sendte 6. juli brev til Landbruksdirektoratet med ein del presiseringar og tiltak. Bønder som får avlingsskade og haustar umogen korn skal ikkje tape økonomisk. Saker om avlingsskadeerstatning skal handsamast enkelt og raskt. Det skal vere tilstrekkeleg med folk i kommunane og hjå fylkesmennene til å sørge for utbetaling i løpet av 2018. Frå 13. juli er det åpna for tollfri import av høy og halm. Desse tiltaka er følgt opp av Landbruksdirektoratet og Mattilsynet.