Ny handlingsplan for friluftsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 25.07.2018
Regjeringa har vedtatt ein ny handlingsplan for friluftsliv. Handlingsplanen inneheld mange tiltak og føringar, og femner om både forvaltning av areal og motivering til friluftsliv.
Landbruks- og matdepartementet gjer mykje for å fremje friluftslivet:
Statskog legg til rette for friluftsliv
Statskog forvaltar ein femtedel av Fastlands-Norge, og gjer mykje for at det skal vere enkelt for folk å bruke norsk natur. Statskog har 80 hytter til utleige, og 100 åpne buer og koier der folk kan overnatte utan kostnader. Eitt kort, Norgeskortet, gir tilgang til 60.000 fiskevatn, og Statskog sikrar folk flest tilgang til jakt gjennom nettportalen inatur.no. statskog gjer også eit stort arbeid med fysisk tilrettleggjing, informasjon og skilting for friluftsliv.
Statskogmillionen
Dei som har tiltak som medverkar til friluftsliv og folkehelse, kan søke støtte gjennom ordninga Statskogmillionen. Slik spelar Statskog på lag med friviljuge krefter over heile landet for å fremje friluftsliv.
Hesten som ressurs
Mange kombinerer friluftsliv med bruk av hest. Hesten kan også spele ei rolle i terapi, arbeidstrening og reiseliv. Den kan gi nye grupper tilgang til natur og friluftsliv. Landbruks- og matdepartementet har nyleg lansert ein nasjonal hesteveilder.
Nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Gjennom ordninga Nærings- og miljøtiltak i skogbruket blir det gitt informasjon til kommunar og skogeigarar om midlar til miljøtiltak i skog, medrekna friluftsliv. Under denne ordninga blir det gitt tilskott for å ta vare på og vidareutvikle miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skog.