Tørken gir problemer for jordbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 04.07.2018
Det unormalt varme vêret med lite eller ingen nedbør har skapt ein svært krevjande situasjon for jordbruket. Det er rapportert om avlingssvikt på ein rekke stader i landet.
– Eg deler bekymringa med næringa og bøndene sitt ønskje om eit vêrskifte og regn, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Tilhøva med avlingssvikt i kornområder og dårleg fyrsteslått mange stader kan få betydelege konsekvensar for matproduksjon og fôrsituasjonen til vinteren.
– Regjeringa kartlegg no mogelegheitene for å importere fôr og kor raskt ein i så fall bør sette ned tollsatsane seier Dale.
– Vi vil følgje nøye med på situasjonen og korleis det utvikler seg framover. Det vi treng no er fyrst og fremst regn, men mi oppmoding til bøndene er å søkje informasjon om kva den enkelte bonde kan gjera i den situasjonen dei er oppe i. Landbruksdirektoratet og organisasjonane i jordbruket har gått ut med informasjon knytt til produksjonstilskot og avlingsskadeordningar, og tilrådingar på agronomiske tiltak, seier landbruks- og matminister Dale.