Tretten nye utvalde kulturlandskap i jordbruket fram mot 2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 22.06.2018
No blir det arbeidd med å få på plass 13 nye landskap i ordninga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» fram mot 2020. I dag markerte statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale at ni nye område er på plass i 2018.
Innan 2020 vil vi ha 46 utvalde kulturlandskap i jordbruket i, noko som er ein dobling sidan 2016. I år er 22 millionar kroner satt av over budsjettet til Klima- og miljødepartementet og 8 millionar kroner over jordbruksavtala. Frå og med 2019 aukar midlane over jordbruksavtala med ytterlegare 3 millionar kroner.
Dei nye områda i 2018 er:
- Helgøya i Hedmark
- Stølsvidda i Oppland
- Furøya i Agder
- Suldal i Rogaland
- Midtre Lærdal i Sogn og Fjordane
- Norangsdalen – Hjørundfjorden i Møre og Romsdal
- Klevgardan i Trøndelag
- Frostating i Trøndelag
- Røst i Nordland
Viktige miljøverdiar
– FNs globale berekraftsmål seier at vi skal styrke innsatsen for å verne om og sikre verdas kultur- og naturarv og setje i verk tiltak for å stanse tap av naturmangfald. Med den auka satsinga vi no har fått, vil ein oppnå at landskap langs kysten, ved fjorden, i innlandet og på fjellet, blir tatt vare på. Eg er dessutan også opptatt av at tiltak i desse landskapa kjem insekt og pollinerande artar til gode, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
Nasjonal verdi
– Kulturlandskapa er av nasjonal verdi, og denne ordninga bidrar til å ta vare på desse områda i mange år framover. Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursar og lokalt engasjement, er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar. Verdiskaping basert på kulturlandskapets verdiar er også eit viktig satsingsområde for denne ordninga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Jordbruket bidrar til ta vare på kulturlandskapet, som med sine kulturminne og naturmangfald har stor verdi. Områda utgjer eit eksklusivt utval nasjonalt og dei gir grunnlag for flotte opplevingar i kommunar og regionar der både fastbuande og tilreisande kan ha glede av landskapa no og i framtida.
10 års jubileum i 2019
– Vi er begge stolte av dette vellykka samarbeidet mellom myndigheiter, gardbrukarar og andre lokalt engasjerte rundt om i dei utvalde landskapa over heile landet, seier ministrane. Til neste år er det ti år sidan dei første 20 utvalde områda vart utpeika og det ønskjer vi å markere, fortset Dale og Elvestuen.
Disse områdene kommer med i 2019 og 2020
- Hedmark, Finnebosetninger (kommer med i 2019)
- Hordaland, Ullensvang (kommer med i 2020)
- Trøndelag, Austrått (kommer med i 2019)
- Finnmark, Skoltebyen i Neiden (kommer med i 2020)
Eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene
Miljømyndigheitene og landbruksmyndigheitene har etablert eit godt samarbeid og fleire ordningar bidreg til å ta vare på kulturlandskapet. Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har utpeikt dei nye utvalde kulturlandskapa etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren.