Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om initiativ til samarbeid om oppgåver på skogområdet i Sør-Rogaland.

Initiativ til samarbeid om oppgåver på skogområdet i Sør-Rogaland

Kapasitet og kompetanse på skogområdet er ei utfordring i mange kommunar langs kysten. No er det teke eit initiativ til å sjå på organisering og oppgåver for ei betre og meir effektiv skogforvaltning i alt 16 kommunar i Sør- Rogaland.

Nedbygging og fragmentering av kompetanse og kapasitet over lengre tid har ført til at tida er moden for å sjå på korleis skogoppgåvene kan løysast meir effektivt. Situasjonen er lik i svært mange kommunar, og kjenneteiknast med;

  • Små stillingsbrøkar på skog tillagt andre oppgåver/stillingar
  • Manglande kapasitet til oppgåver og tilstrekkeleg sakshandsaming
  • Lite overordna fokus på planar og strategiar
  • Næringsutvikling og oppsøkande arbeid blir nedprioritert
  • Manglar fagmiljø – sit aleine med ansvaret.

I tillegg ser vi at stor breidde i oppgåveporteføljen ikkje går spesielt godt i hop med mindre brøkstillingar. Det er vårt inntrykk at det er meir effektivt med dedikerte skogstillingar med ansvar for fleire kommunar, enn låge brøkstillingar i kvar kommune.

Inspirasjon frå Sogn- og Fjordane

Initiativet starta i lengst sør i Lund kommune som saman med Fylkesmannen tok tak i problemstillinga. Til oppstartsmøtet med alle kommunane blei 2 sogningar frå Balestrand, Jørgen Hunseth og Torkjel Djupdal, invitert til å seie litt om interkommunalt samarbeid på skogforvaltning i ni kommunar i indre delar av Sogn- og Fjordane. Her var det mange nyttige erfaringar å ta med seg i det vidare arbeidet. Dedikerte fagstillingar/fagpersonar, og at ein har klart å skape eit fagmiljø, blei trekt fram som avgjerande for å skape meir aktivitet og ein betre skogforvaltning.  

Vegen vidare

Det er no nedsett ei arbeidsgruppe med fem personar som representerer 16 kommunar. Næringssjef Kåre Strand frå Klepp kommune er leiar for gruppa. Fylkesmannen er sekretær.  

Mandatet til arbeidsgruppa er:

  1. Beskrive oppgåver og kompetansebehov for den kommunale skogforvaltninga
  2. Skissere forslag til organisering av og ressursbehov til den kommunale skogforvaltninga
  3. Utarbeide modellar for kostnadsfordeling og finansiering, samt forslag til samarbeidsavtale

Arbeidet skal vere ferdig i løpet av hausten 2018.

Kontaktperson:
Stein Bomo, fmrosbo@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 72 .

Gjerdeklyvarar – bruer til kulturlandskapet

I Rogaland får bøndene gjerdeklyvarar og hundeportar gratis gjennom SMIL-midlane. Dei siste åra har nær to millionar kroner gått til dette formålet.

Med gjerdeklyvarar og hundeportar blir fleire turområde meir tilgjengelege. Samstundes blir aktiviteten styrt slik at gjerda ikkje blir trakka ned. Vegen til utmarka går gjerne gjennom beiteområde, og for folkehelsa er det viktig å legge til rette slik at flest mogleg kan ta desse flotte turområda i bruk. Rogaland har om lag ein tredjedel av alt innmarksbeite i Noreg, og det er særs viktig å få til gode ordningar som legg til rette for at areala kan nyttast både til beite og samstundes vere attraktive turområde.

Alpinraj Athans viser fram gjerdeklyvaren «bondebru».
Alpinraj Athans viser fram gjerdeklyvaren «bondebru». Foto: Andreas Dirdal Kydland/Sandnesposten.

Vi har no friska opp gjerdeklyvarane ved å frese inn slagorda: «BONDEBRU», «STIG PÅ», «LEVE SAUEN» samt «KYSS OG GÅ» på øvste trinn. Fleire vil kome til etter kvart. Desse slagorda er meint for at turgåarar skal tenke litt over alle dei godane som landbruket gir, og skjøne at landskapet dei ser er dyre- og menneskeskapt.

Frå SMIL-ordninga kan bonden søke om tilskot til gjerdeklyvarar og opparbeiding av turstiar. Bonden kan få regionalt miljøtilskot for å vedlikehalde turstiar på jordbruksareal. Gjerdeklyvarane er ein del av planlegginga og tilrettelegginga på tvers av landbrukseigedomar. I 2017 hadde vi i Rogaland totalt 722 kilometer med turvegar i innmarka, og det vart løyvd nesten 4 million kroner til vedlikehald av desse ferdselsårene

Gjerdeklyvarane og hundeportane blir produsert hjå Sandnes Pro-Service AS og Gnisten Vindafjord Arbeids- og aktivitetssenter. Dette er tilrettelagde arbeidsplassar der dei tilsette gjer ein flott jobb. Mange av dei tilsette går seinare ut i det ordinære arbeidslivet. Fylkesmannen ser på ordninga som ein vinn, vinn situasjon for alle partar, og vi er svært fornøgd med samarbeidet med leverandørane.  

Kontaktperson:
Ragnhild Hole, fmrorho@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 81.

Erfaringar frå innsynsprosjekt knytt til i konsesjons- og jordlovsaker

Fylkesmannen i Rogaland har i år pålagt nokre utvalde kommunar å rapportere konsesjons- og jordlovsvedtak til oss. Erfaringane til nå viser at dei aktuelle kommunane stort sett handsamar desse sakene i tråd med nasjonal politikk, men vi har også sett nokre enkeltsaker som er utfordrande i forhold til  strukturproblematikken og spreidd utbygging i landbruksområda.

Jordlova gir Fylkesmannen heimel til å pålegge kommunar å sende inn utskrift av avgjerder etter jordlova eller konsesjonslova for ein bestemt tidsperiode. I fjor haust sende vi ut brev til Klepp, Time og Hå, og påla rapportering av alle avgjerder etter konsesjonslova i 2018. Vi påla også Tysvær og Hjelmeland kommune rapportering av alle avgjerder etter både jord- og konsesjonslova i same tidsperiode. Vi hadde ei tilsvarande ordning i nokre andre utvalde kommunar i 2016.

Vi ønskte å sjå på strukturutfordringa og prisproblematikken knytt til konsesjon ved erverv av landbrukseigedom. Denne problemstillinga  har i stor grad vore målretta mot nokre sentrale landbrukskommunar på Jæren. Samstundes valde vi også ut nokre meir typiske distriktskommunar slik at vi også kunne sjå nærmare på moglege utfordringar knytt til spreidd utbygging i landbruksområda. Val av kommunar har vore litt tilfeldig, men også målretta bl.a. med vekt på nokre tidlegare enkeltsaker. 

Innsynsordninga har gitt oss nyttig innblikk i kommunane si handsaming av slike særlovssaker. Vi har til nå i år motteke 25 vedtak. Erfaringa har vore positiv i den forstand at vi er samd med kommunane i utfallet i dei aller fleste sakene. Nokre vedtak er etter vår vurdering i konflikt med gjeldande regelverk. I ei konsesjonssak har Fylkesmannen varsla overprøving og mogleg omgjering av kommunens vedtak, og vi har også ei sake til slik vurdering.

Nokre av konsesjonssakene vi har gitt oss innsyn i struktur-problematikken i landbruket som ofte blir aktuell ved kjøp av tilleggsjord. Det blir etablert varige eigar- og bruksforhold i slike konsesjonssaker. Difor er det viktig at kommunane er medvetne på kostnader og tidsbruk knytt til transport  og driftsmessige ulemper som kjem når avstanden mellom eigedomane er store.

Vi har også sett enkeltsaker knytt til oppretting av spreidde bustadeigedomar i landbruksområda. Når kommunen legg ut område til spreidd bustadbygging i kommuneplan er det viktig at omsynet til landbruksinteressene blir sikra gjennom gode og konkrete lokaliseringsføresegner. Oppretting av bustadeigedomar gjennom enkeltsaker kan også skape utfordringar knytt til jordvern. Som oppfølging av nytt nasjonalt jordvernmål har Rogaland fylkeskommune nå på høyring utkast til   Regional jordvernstrategi. Skal vi nå jordvernmåla må dei skjerpa nasjonale­ – og regionale føringane  bli følgt opp i enkeltsakene. 

Kontaktperson:
Trond Olav Fiskå, fmrotof@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 88 69.

Hogganvik gard og landsby

Hogganvik gard og landsby i Vindafjord kommune ligg vakkert til i flott natur ned mot Vindafjorden. Ei gruppe frå landbruksavdelinga hos Fylkesmannen var på studietur til Ryfylke for nokre veker sidan, der «mangesysleri» var fokusområdet.

Landsbyen er ein av seks Camphill-landsbyar i Noreg for vaksne med behov for ekstra tilsyn og omsorg grunna ulike former for funksjonshemming. I dag bur det rundt 40 personar i landsbyen, kor skilje mellom «brukar» og tilsette er viska ut. Alle er landsbybebuarar.

På Hogganvik gard er det allsidig drift med rundt 60 vinterfôra sau, fire kyr, nokre få slaktegris, geiter, høner og gartneri. Gardsgruppa, som dei kallar seg, yster frå eigenprodusert mjølk, lagar kvarg, yoghurt, pølser, skinke, fenalår og pinnekjøt. Ferske grønsaker, frukt og bær har dei rikeleg av i sumarhalvåret, saft og syltetøy heile året. All produksjon på garden er økologisk.

I tillegg til dyrka-marka og innmarksbeite er det 2500 da skog på Hogganvik. Vedhogst, skogsdrift og eigen snikkarverkstad sikrar mykje godt arbeid for bebuarane gjennom heile året.

Tre variantar av Hogganvik-osten.
Tre variantar av Hogganvik-osten. Foto: Bjørn Steinar Berg

Omsorg, meistring og trivsel – ein del av mangesysleriet på Hogganvik

Utanom produksjon av mat og skogsvirke,  «produserer» dei omsorg og trivsel på Hogganvik, og er flinke til å ta vare på gamle tradisjonar, kulturhistoria og kulturlandskapet. Garden og gardsarbeidet er ein god arena for læring og meistring, og skaper sosialt fellesskap. Omsorg for både dyr- og medmenneske, nærkontakt til naturen, jorda og «jord- til bord»-prosessar gjer livsinnhald og meining. Den gleda vi så hos landsbybebuarane når dei viste fram produkta dei hadde laga og stoltheita dei hadde for landsbyen sin, minner oss om kor viktig det er med eit levande landbruk og levande bygder. I dag er vår kontakt med naturen-, jorda- og produksjonsgrunnlaget blitt stadig mindre. Arbeidslivet har blitt meir og meir spesialisert og den enkelte mister lett oversikta over samanhengane i produksjonsprosessane, så vel som samanhengane i naturen. Framandgjering er eit anna ord på dette.

Inn på tunet

Det er i dag god røynsle med å bruke tilrettelagte gardsbruk for å gi folk betre livskvalitet, og dette er no sett i system gjennom Inn på tunet satsinga

På garden kan folk i alle aldre få kontakt med natur-, planter og dyr, oppleve dagsrytme så vel som årstidsrytme, liv og død sett i samanheng og kanskje på den måten få ei betre føling med «Det store spelet» som Tarjei Vesaas skriv så fint om i sin prisberømte roman. Vi treng i dag landbruket meir enn nokosinne, til matproduksjon for ein veksande befolkning og som ankerfeste, kultur- og verdiformidlar. Det er verdt å minne om at ordet kultur stammar frå det latinske ”cultura”, som tydar dyrking av jorda.

Stor takk til alle i Hogganvik landsby for flott omvising og mange gode opplevingar.

Kontaktperson:
Bjørn S. Berg, fmrobsb@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 93.

Kan ein student gjere ein skilnad?

Ja faktisk. I løpet av dei vekene bacherlorstudent Ruben Hallerud Eggebø har vore hos oss, har han fått satt søkjelyset på framtida for mjølkeproduksjonen i Finnøy kommune. Mjølkeprosjektet FFm, Finnøy Framtid mjølk, gav så interessante funn at kommunen har engasjert Ruben i sommar for å arbeide med ulike mobiliseringstiltak. Målet er at Finnøy også i framtida skal vere store på mjølk.

Perioden med tre bachelorstudentar frå Universitetet i Stavanger (UiS) er no over. Det er fyrste gong at Fylkesmannen i Rogaland og UiS har eit slikt praksissamarbeid der bachelorstudentar har ein praksisperiode hos Fylkesmannen i 16 veker. Studentane skal erfare korleis det er å arbeide hos Fylkesmannen, dei skal bli kjent med arbeidsplassen – og det viktigaste, dei skal faktisk gjere ein jobb. Dei skal ta tak i eit tema eller ei problemstilling som er relevant både for studiet og for arbeidsgivar. Arbeidsresultatet er ein praksisrapport som leggast fram for munnleg eksaminering.

Fleire på Finnøy ønsker å investere i nye mjølkefjøs.
Fleire på Finnøy ønsker å investere i nye mjølkefjøs. Foto: Monica Dahlmo/Fylkesmannen i Rogaland 

Om lag 35 prosent av kumjølka i Rogaland blir produsert utanom Jæren. Det er viktig å halde oppe mjølkeproduksjonen i distrikta. Den årlege mjølkeproduksjonen i øy-kommunen Finnøy er om lag 10 millionar liter. Finnøy ein viktig jordbrukskommune, og det er mange drivkrefter som påverkar utviklinga. Mjølkeproduksjonen er både ein kapital-, arbeids- og arealintensiv produksjon. Å bygge nytt lausdriftsfjøs skal alltid vere ein gjennomtenkt avgjerd.  

Det er i dag 54 mjølkeprodusentar i kommunen, og Ruben sendte alle ei spørjeundersøking: Kva utfordringar opplever mjølkebøndene i Finnøy i dag og framover? Resultata viser at areal er ei utfordring for øybasert landbruk. Leigejordprosenten er i dag på «berre» 26 prosent, men heile 65 prosent svarer at dei er avhengige av meir jord for å realisere ønskte planar. Det blei i tillegg sett på behovet for fornying. I dag er om lag 80 prosent av fjøsa båsfjøs. På ein skala frå ein til fem, der fem er størst fornyingsbehov og ein minst, ligg gjennomsnittet i Finnøy på 3,5. Fornyingsbehovet er altså stort.  Samstundes viser undersøkinga at mange ønskjer å utvide og bygge nytt. Nær 60 prosent ønsker å utvide produksjonen.

Finnøy kommune har merka seg Ruben sitt arbeid, og har hyra han til sommarjobb i år. Han skal arbeida aktiv med alle mjølkebøndene i kommunen, og kanskje spesielt mot dei yngre. Han skal besøke alle bønder som er interesserte i å satsa på lengre sikt. Han skal arrangere fagtur, bondepub og fagmøte. Oppstartsmøtet er allereie unnagjort med godt oppmøte av 30 bønder frå 20 ulike bruk.

Kontaktperson:
Geir Skadberg, fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 64.