Reineigarar får færre avgifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 02.05.2018
– Reineigarar får ei avgiftslette når det gjeld kjøp av snøskuter og ATV på rundt 30 til 35 millionar kroner kvart år. Det vil redusere kostnadane for den enkelte reineigar og bidra til å gjere næringa meir lønnsam, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Blir likestilt med landbruket
Regjeringa meiner at bønder og reineigarar skal bli behandla likt når det gjeld avgiftsfritak på kjøp av driftsmidlar. Reindriftsutøvarar får difor avgiftslette på driftsmidlar som snøskuter og ATV.
Vil utvikle reindriftsnæringa
For å utvikle reindrifta som næring er det viktig og riktig at også køyretøy som blir brukt i arbeidet blir oppfatta som driftsmidlar. At reindriftsutøvarar får eit avgiftsfritak ved kjøp av driftsmidlar slik som i jordbruket, er ei naturleg og viktig oppfølging av den siste reindriftsmeldinga. Det er eit sentralt tiltak i utvikling av reindrifta som ei rasjonell og marknadsretta næring. Ordninga blir gjeldande frå 1. juli 2018.