Samarbeidsavtale om skrantesjuke med kommunar som grenser til Nordfjella
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 08.05.2018
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og politisk rådgjevar Marit Kristine Vea i Klima- og miljødepartementet har i dag hatt møte med politisk leiing i kommunar som grenser til Nordfjella og med leiaren i Nordfjellarådet.
På møtet vart det underskrive ein avtale om vidare samarbeid for å behalde friske stammar av villrein og bygge opp at ein frisk villreinstamme i Nordfjella sone 1 raskast mogleg i tråd med vedtekne planer. Det er semje om å utforme eit heilskapeleg program for det vidare arbeidet i løpet av 2018.
– Skrantesjuke har stilt både staten og kommunane overfor nye utfordringar. Det blir viktig at staten og kommunane står saman også i den fasen vi nå går inn i med å legge til rette for vellukka reetablering av ein frisk villreinstamme i Nordfjella. Eg er difor glad for at vi no har etablert ein samarbeidsavtale om dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.