Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2018
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.03.2018
Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, med spørsmål om Lodve Solholm er første Fylkesmann med krav om lokal mat på arrangement?
- Første Fylkesmann med krav om lokal mat på arrangement?
- Nettverk for berekraftige bygg
- 700 turar med tømmervogntog spart!
- Kan voks vere løysinga mot billeskade?
- Vår nye utvalde kulturlandskap – Alnes på Godøya
Første Fylkesmann med krav om lokal mat på arrangement?
Fylkesmann Lodve Solholm vil i sitt siste år som fylkesmann ha ekstra fokus på tre spesielle område. Desse områda er lokal mat, marin forsøpling og barnevernsvakt.
Lokal mat i fokus
Under presselunsjen på Smia fiskerestaurant i Kristiansund tidlegare i år sa Fylkesmannen at han ville løfte fram og fokusere på lokalmat. Som ein del av merksemda på den lokale maten ville han sende brev til hotella vi samarbeider med, og be om at pausematen eller minst eit av dei andre måltida under arrangement vi bestiller skal innehalde lokal mat. Han tok oppatt dette då han opna arrangementet MRmat i Kristiansund i februar i år.
Lokal mat blir i denne samanhengen definert som mat frå Møre og Romsdal. Maten kan kome frå små eller store matprodusentar. Det ligg også i bestillinga til hotella at presentasjon av den lokale maten må følgje med måltidet. Dette kan skje skriftleg eller munnleg.
Fylket har mange gode produsentar, som produserer på eigne eller lokale ressursar.
Større interesse for lokal mat
Merksemda kring lokal mat er sterkt aukande i Møre og Romsdal. Det var over 120 deltakarar på inspirasjonssamling og vel 100 deltok på spesialkursa under MRmat i år. Dette talet er høgare enn nokon gong.
Kontaktpersonar:
Landbruksdirektør Frank Madsøy,
fmmrfrma@fylkesmannen.no, mob.: 971 71 493.
Matkontakt Aud Lindset Drågen,
fmmraudr@fylkesmannen.no, mob.: 908 65 459.
Nettverk for berekraftige bygg
Gjennom prosjektet Tredrivaren blir det arbeidd for auka bruk av tre og klima- og miljøvennlege løysingar i offentlege bygg. Med høge miljøambisjonar frå starten kan offentlege byggherrar vere pådrivar for berekraftige løysingar i bygg-sektoren.
Nettverk for berekraftige bygg
Tredrivaren i Møre og Romsdal arrangerte samling «Nettverk for berekraftige bygg» i prosjektet Auka bruk av tre i offentlege bygg i Ålesund 28. februar. Hovudtema for samlinga var miljøambisjonar og innovative offentlege innkjøp som metode, for å nå kommunane sine klimamål.
I alt deltok 20 personar frå 11 kommunar pluss Sunnmøre regionråd, noko som syner godt engasjement kring miljøvennleg materialval og interesse for innovative innkjøp her i fylket.
Gjennom prosjektet har Tredrivaren i Møre og Romsdal midlar, som kommunane kan nytte til kompetanse ved planlegging av meir bruk av tre og miljøvennlege løysingar i offentlege byggeprosjekt.
Hovedtema for samlinga var miljøambisjonar, politisk forankring og innovative offentlege innkjøp.
Verdas fyrste plusshus sjukeheim
Flemming Idsøe, prosjektleiar i Omsorgsbygg Oslo KF fortalde om Oslo kommune, som skal byggje verdas fyrste «plusshus» sjukeheim i Nordre Aker. Bærande konstruksjonar blir i tre, og med utstrekt bruk av eksponert tre innvendig. Endå ein miljøambisjon er maksimal grad av utsleppsreduksjon frå byggeplassen, med anleggsmaskiner drivne av straum frå solcelle. Heile prosjektet er eit godt eksempel på høge miljøambisjonar, og syner at dette òg kan gi god kvalitet i bygget.
Idsøe fortalte også om Lia barnehage i Oslo kommune, som er ein passivhus barnehage, der dei har oppnådd gode løysingar gjennom innovative innkjøp som innkjøpsmetode.
Det aller viktigaste målet for begge bygga er at det skal bli eit godt sted for brukarane. Alle løysningar og konsept har dette som føresetnad.
Lokale prosjekt
Det vart også orientert om kommunale byggeprosjekt i Stranda, Aukra og Kristiansund. Kommunane har ulike utfordringar, mellom anna omsyn til ras, plassutnytting, miljøambisjonar og val av byggemetode.
Politisk forankring
Anne Ruth Jangaard, Komposium utvikling AS snakka om strategiar for å oppnå politisk forankring for berekraftige byggjeprosessar i små kommunar.
Nye moglegheiter med innovative innkjøp
Hilde Sætertrø, Nasjonalt program for leverandørutvikling, gjekk igjennom prinsipp for innovative innkjøp og kommunane sine høve til å stimulere til innovasjon i leverandørledda og lokal næringsutvikling ved investering i berekraftige offentlege bygg.
Løysingar kan ligge nærare enn du trur. Innovativ metode i skaffeprosessen gir betre og meir miljøvennlege løysingar. Bilde frå Nasjonalt program for leverandørutvikling sin presentasjon.
Samlinga konkluderte med at det er behov for å meir fokus på innovative innkjøpsmetodar i neste samling.
Les meir:
- Romsdal vidaregåande skule er nominert til heidersprisen «Årets trebyggeri» ut på Byggedagene/Byggegallaen saman med to andre flotte prosjekt
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal, bruk av tre
Kontaktperson:
Rådgjevar Christina Qvam Heggertveit,
fmmrchhe@fylkesmannen.no, tlf.: 71 25 85 72.
700 turar med tømmervogntog spart!
Stort fokus på fjerning av flaskehalsar, ved å skrive opp bruksklassa på mange kommunevegar og fylkes- og riksvegar har ført til sparte kostnader, mindre og tryggare trafikk og miljøgevinstar.
Fokus på rett bruksklasse
Det har gjennom 2016 og 2017 vore stort fokus på oppskriving av bruksklassar på kommunale-, fylkes-, og riksvegar. Dette arbeidet har vore prioritert for å tilpasse seg storleiken til tømmerbilane, for å utnytte kapasiteten deira, og dermed frakte meir tømmer med færre lass. Både Statens vegvesen og kommunane har gjort ein god jobb med å gå igjennom dei vegane, som kan tole køyretøy med auka vekt og lengde.
Høg avvirkning i skogen
I 2017 var det god aktivitet i skogen i Møre og Romsdal, men ingen ny rekord i tømmeromsetninga. 287 000 kubikkmeter tømmer vart hogd gjennom året, ned frå 325 000 kubikkmeter i 2016. Tømmeret skal like fullt frå skogen til kaia eller sagbruket, og det er dei same bilane som køyrar om dei veg 50 eller 60 tonn.
Innsparingar, miljøvinst og trafikktryggleik
I 2017 vart 99 501 kubikkmeter tømmer transportert på 24 meter lange og 60 tonn tunge vogntog. Dette utgjer over 35,6 prosent av alt tømmeret transportert i Møre og Romsdal, ein formidabel auke frå 2016, der berre 38 400 kubikkmeter (11,8 prosent) vart køyrt med makslast. Etter oppskrivinga er nesten 100 000 kubikkmeter køyrt på drygt 2200 turar med tømmervogntog. 50 tonns vogntog på 19,5 meter ville brukt 700 turar meir, for å frakte ut den same tømmermengda. Dette er ei gledeleg utvikling for både trafikktryggleik og ikkje minst miljøet.
Potensiale for meir
Det står att fleire kommunar, som treng å gå igjennom sine vegar. Tømmerlasset må oftast innom ein kommunal veg, før det kjem ut på fylkesvegen. I Ørsta er det no gjennomført testkøyring i samarbeid med Allskog, for å sjå om nokre av vegane har svingradius for tilpassa tømmervogntog. Testen synte at det går, og ved neste revidering av veglista aukar bruksklassa, og vegen kan opnast for tømmerkøyring. Fylkesmannen håpar fleire kommunar vil ta kontakt for testkøyring, der dei ikkje er sikre på om tømmervogntog kjem fram.
Meir om:
- Satsing på vegprosjekt hausten 2016
- Status for flaskehalsarbeid i Møre og Romsdal mai 2017
- Fagsamling veg: 18.-19. oktober på Alexandra hotell i Molde
- Vegliste for Møre og Romsdal
Kontaktperson:
Fylkesskogmeister Åsmund Asper,
fmmrasas@fylkesmannen.no, tlf.: 71 25 84 07, mob.: 918 83 236.
Kan voks vere løysinga mot billeskade?
Gransnutebilla er ein stor skadegjerar i plantefelta i Møre og Romsdal. Billa luktar ferskt hogstavfall/stubbar og flyg til hogstflatene rett etter hogst. Den kan da ringbarke nyplanta småplanter slik at dei døyr.
Behov for nye metodar
Ulike sprøytemiddel har blitt brukt på plantane, for å unngå dette, m.a. DDT fram til 1989, men midla i dag har ikkje same effekt, og det er generelt ønskjeleg å fase ut bruk av sprøytemiddel i planteskulane. Billa er berre på hogstflata dei 3 - 4 første åra etter hogst, og derfor har det her i fylket vore praktisert å vente tre år med planting. Dette gir andre utfordringar, som mykje oppslag av ugras og lauvkratt, og tap i veksttid for ny skog på våre høgproduktive areal.
Universitetet i Oslo, ved forskar Ane Vollsnes, er i gong med eit feltforsøk med ulike former for vern mot gransnutebiller. Vollsnes har forsøksflater i 8 fylke, i tillegg til vårt felt på Rykkjem i Sunndal. I forsøksfelta har skadeomfanget etter ein sesong blitt samanlikna på planter utan noko vern, planter som var påført sprøytemiddel og plantar med voks. Voksen var påført i eit ca. 1 mm tjukt lag på nedre del av planta i ca. halve trehøgda, slik at billa ikkje fekk tilgang til å gnage på stammen.
Lovande resultat
Vårt felt på Rykkjem hadde mest billeskade av alle fylka. Alle plantane utan vern hadde gått ut. 35 prosent av plantene med sprøytemiddel var uskadde, medan 65 prosent av dei voksbehandla plantene var uskadde. I dei andre fylka var over 90 prosent av dei voksa plantane utan billeskader. Bruk av voks viser god effekt, for å redusere skadeomfang.
På nokre av plantene i feltet på Rykkjem hadde billa krabba over voksen, og gjort skade. Det er usikkert kor mange av desse plantane som vil overleve. Det er også fare for ytterlegare billeskader i åra framover. Feltet blir følgt opp vidare.
Forsøksfeltet vårt er ein del av ei større hogstflate, som hadde blitt utvida over fleire år. Det har nok ført til stor formeiring av biller. Vidare var dette eit kulturskogareal, kor det er svært lite anna vegetasjon å «gnage på» rett etter hogst . Forsøket viser tydeleg at voks hjelper, og at det er heilt naudsynt å behandle plantane i våre plantefelt. Voksbehandling av skogplanter er relativt nytt, og det er framleis håp om at vidareutvikling av dette kan vere med å løyse våre utfordringar med snutebilleskadar.
Kontaktperson: Fylkesskogmeister Odd Løset, fmmrodlo@fylkesmannen.no, tlf.: 71 25 84 08.
Vår nye utvalde kulturlandskap – Alnes på Godøya
I 2017 utpeikte Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket, og Alnes på Godøya i Møre og Romsdal var eit av desse.
Særprega fiskarbondelandskap
Alnes er eit typisk fiskarbondelandskap på Nord-Vestlandet. Området er representativt for kystsamfunna, som har levd av kombinasjonen jordbruk, fiske og fangst i denne delen av landet, heilt frå den første busettinga etter istida. På same tid er Alnes eit særs særprega øylandskap, med det opne kulturlandskapet på strandflata, omgjeve av beitelier og bratte fjellsider på eine sida og sjøen på andre.
I dag bur det ca. 170 fastbuande på Alnes, og mellom desse er det ulike syn på korleis området skal utviklast vidare. Inntrykket er likevel at dei fleste synes det er viktig å bevare kulturlandskapet og kulturminna i bygda.
Utfordringar, moglegheiter og oppstart
Alnes tek kvart år imot eit stort tal turistar, og talet har auka etter at det nye besøkssenteret, Alnes Fyr og opplevelsessenter, blei opna i 2016. Det store besøkstalet medfører ein del uorganisert ferdsel både over innmark og utmark, og ein del ulemper for dei fastbuande. Slike utfordringar kan kanskje statusen som utvald kulturlandskap vere med på å redusere konsekvensane av, med at det kan gjevast støtte til stiar, gjerding og skilting, som kan styre ferdsla i ønska retning. Det vil kunne redusere slitasjen på både kulturlandskapet og på dei fastbuande.
I 2017 var det knapt med både tid og ressursar til å komme ordentleg i gang med arbeidet med vårt nye utvalde kulturlandskap. I 2018 tek vi sikte på å få på plass dei styringsreiskapar, som må til for å gå frå ein oppstarts/etableringsfase og over i ein meir driftsprega fase.
Kontaktperson: Rådgjevar Ragnhild Naug Aas, fmmrraaa@fylkesmannen.no, tlf.: 71 25 85 19.