Fleire søker seg til landbruksutdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 30.04.2019
Totalt har 138 732 personar søkt høgare utdanning. Det er ein nedgang på 2,3 prosent samanlikna med i fjor. Derimot viser tala for 2019 likevel at søkertala til landbruksrelatert utdanning har auka med 2,7 prosent.
– God og oppdatert landbruksrelatert kompetanse er viktig for at vi kan produsere mat i framtida med nye produksjonstilhøve og klimaendringar. Landbruket treng dyktige fagfolk på gardane, i rådgivingsapparat og i forskingsmiljø, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Frå 2017 til 2019 har dei samla søkertala til landbruksrelatert utdanning auka med 11 prosent. Søkertala til husdyrvitskap har auka med 17 prosent frå 2018 til 2019. Vi ser også at søkertala til plantevitskap har auka med 19 prosent i same tidsperiode. Når det gjeld fag innan agronomi og skogfag har søkertala gått ned frå 2018 til 2019.