Fylkesnytt frå Vestland 1/2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 27.02.2019
Fylkesmannen i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om lønsamt samarbeid mellom mat- og reiselivsbedrifter.
-
Lokalmatprodusentar og serveringsstadar frå Fjord Norge-regionen på date
- Bergen vil dyrka grøn samfunnsnytte
- Kan skog i bratt lende minska trugsmål av naturfarar?
- Stor aktivitet i vestlandslandbruket i 2018
- Storfeprosjektet Vestland
Lokalmatprodusentar og serveringsstadar frå Fjord Norge-regionen på date
26 mat- og reiselivsbedrifter, med ynskje om vekst gjennom auka samarbeid, deltok på fagtur til Berlin 24.-27. januar. Tre av fire kom heim med nye, konkrete samarbeidsavtalar.
Arrangørane, fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland, har som mål å samarbeida for å styrka mat- og reiselivssida i regionen, og er i gang med ein handlingsplan for dette. Eit ledd i arbeidet er tiltak for bedriftsutvikling gjennom samarbeid mellom bedrifter. Mange har fått høve til å profilera seg, løfta Noreg som reiselivsregion, byggja nettverk og få auka kompetanse innan produksjon og marknadsføring på standen til Fjord Norge på Internasjonale Grüne Woche (IGW). I 2019 var ikkje Fjord Norge deltakarregion. Me valde å leggja fagturen til Berlin, for at henta inspirasjon og få nye impulsar, byggja nettverk gjennom samvær over fleire dagar og for å halda kostnadane lågast mogeleg.
Mål, innhald og nytteverdi
Tema for fagturen var auka lønsemd i verksemda, lønsamt samarbeid mellom bedrifter og korleis lukkast i nye marknader. Eit breitt utval verksemder vart inviterte til å søkja om deltaking, med grunngjeving. Me hadde om lag 50 deltakarar med på fagturen, inkludert representantar frå Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge Vestland.
Innhaldet på arrangementet var besøk til utvalde stands på IGW, fagdag med relevante tema og nettverksbyggingsaktivitetar. Ei evaluering, der alle verksemdene svara, syner svært høg nytteverdi, både direkte forretningsmessig og som nettverksbyggings- og motivasjonstiltak.
På messedagen fekk me presentert utfordringar og løysingar innan samarbeid og strategiar frå Sveits, Austerrike og det tyske Mat- og Landbruksdepartementet. Deltakarane besøkte også den norske standen og smaka på ostar, spekemat og anna matspesialitetar frå heile verda.
Fagdagen inneheldt innleiingar, workshop og speed-date. Deltakarane såg tema frå fleire perspektiv, gjorde avtalar, delte gode innspel og la eit godt grunnlag for vidare samarbeid. Tema for innlegga var identitet, heilskapstenking, strategiarbeid, merkeordningar, marknadskunnskap og samarbeid. Innovasjon Noreg i Tyskland hadde innlegg om å få innpass i nye marknader, om eksport og korleis tyske turistar opplever Noreg som destinasjon. Prikken over i-en var speed-datinga, der mange hadde ei lang liste med bedrifter dei ynskte å møta, både innanfor eigen bransje, på tvers av bransjar og med offentlege aktørar.
Lønsame nettverk og vidare arbeid
På spørsmål om turen var vellukka, totalt sett, svara alle positivt og nær 80 prosent meinte turen var svært vellukka for dei. Særleg vart det påpeika at samlinga var nyttig og inspirerande for vidare utvikling av produkt og konsept, at kunnskapen var overførbar til verksemda, at det var både fagleg og sosialt, at det var bedrifter frå heile regionen og at det gav godt grunnlag for vidare samarbeid.
Det var eit overveldande positivt resultat på direkte samarbeid som følgje av turen. Tre av fire hadde konkrete avtalar med heim, og mest like mange gav attendemelding om meir enn ein avtale.
Arrangørane meiner det var ein viktig suksessfaktor at deltakarane søkte om å vera med på arrangementet. Uttalte mål for deltaking hadde mykje å seia for eige bidrag. Me i Fjord Norge-regionen ser fram til fleire fellestiltak på tvers, og i nært samarbeid med partnarskapen.
Kontaktpersonar:
- Aud Lindset Drågen,
fmmraudr@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 85 73 / 908 65 459. - Annabell Pfluger,
fmroapf@fylkesmannen.no, tlf. 51 56 89 7. - Marit Hjortung,
fmsfmhj@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 89 / 906 19 592. - Ragna Flotve,
fmhorfl@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 72.
Bergen vil dyrka grøn samfunnsnytte
Urbant landbruk kan aktivisera byareal, gjera tettstader grønare og meir sosiale og bidra til mindre matsvinn. I eit klimaperspektiv må me alle finna kretsløpsløysingar. Kunnskap om matproduksjon er eit viktig ledd i dette.
Strategiske grep for urbant landbruk
Urbant landbruk bidreg til mattryggleik og inkludering. Bergen kommune skal i vår laga «Veikart for Urbant landbruk», og inviterte, saman med Fylkesmannen i Vestland, til to innspelsmøte i januar. Over 80 engasjerte deltakarar gav innspel til korleis Bergen kommune kan støtta offentlege- og private verksemder og frivillige som ynsker å setja i gang aktivitetar innan urbant landbruk. I løpet av våren skal byrådet sakshandsama eit nytt vegkart for urbant landbruk i Bergen. Dette skal sikra langsiktig satsing i kommunen.
Å finna ut av kor mykje kunnskap ein må ha for å dyrka fram sine eigne gulrøter, gjev kunnskap og erfaringar som sikrar mattryggleik i eit langsiktig perspektiv, understrekar Gerd Lithun i Etat for landbruk i Bergen kommune.
Aktivitetane i Bergen kan inspirera distriktskommunar til å satsa på urbane landbruksaktivitetar og føra til meir kunnskap og engasjement for norsk matproduksjon. Det er ikkje mengd mat som er viktig innan det urbane landbruket, men mengdetrening i å dyrka mat. Då får ein direkte erfara verdien av lokal matproduksjon og bonden sin kunnskap om å produsera mat for oss alle.
Bybonden
Lystgården på Landås, saman med Hordaland Bondelag, husar Bybonden Ida Kleppe. I løpet av våren vil ho rulla ut fleire aktivitetar, der skular, barnehagar og private initiativ vil få tilbod om kurs og tilrettelegging for dyrkingsaktivitetar i byen.
Bergen kommune aukar løyvingane for å stimulere til fleire dyrkingsprosjekt for alle. Bybonden kan gje gode råd til søknadar og vil vidare samarbeida med studentar ved Høgskulen i Bergen og utviklarar av ein dyrkingsapp ved Vitenparken på Ås. Eit mål er å utvikla digitale verktøy for utleige av dyrkingsareal i kommunen.
Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 86 / 905 52 194
Kan skog i bratt lende minska trugsmål av naturfarar?
Mange Vestlandskommunar har vore råka av, eller er i faresona for, naturkatastrofar. Skadane kan vera store, både for folk, hus og vegar. Me må vera førebudde på stadig aukande naturfarerisiko gjennom eit klima i endring, og med meir ekstremvêr.
20. februar var det frukostseminar i Bergen, med tema «Skogen sin funksjon i bratt terreng». Nærare 130 påmeldte ville høyra om skog og naturfarar. Fylkesmannen i Vestland, Bergen kommune, Husbanken, Høgskulen på Vestlandet, Bergen Arkitekthøgskole, Universitetet i Bergen og Hordaland fylkeskommune var arrangørar.
Bergen som pilotkommune
Bergen er pilotkommune for å sjå nærare på praktiske løysingar i utvalde skogsområde. Karen Tveit frå Bergen kommune understreka at stell av skog, tilpassa hogstform og gode planverktøy er avgjerande for å utnytta skogen sine funksjonar. Kommunen manglar i dag forvaltningsplan, men ynskjer sterkt å bruka fleire ressursar på skogforvaltning. Jan Ove Strand frå vaktlaget hjå Bymiljøetaten nemnde særleg det skremmande steinraset i Grønnlien i Bergen. Raset vart handtert og stoppa, men me må vera førebudde på fleire slike hendingar.
Lover og sunn fornuft
«Til syvende og sist handlar dette om politikk og pengar.», sa Rune Nordrum frå Landbruksdirektoratet, og medlem av Naturfareforum. Mange lover og forskrifter er skrivne for over 100 år sidan. Ein har alltid har vore klar over skogen sine vernefunksjonar. Sjølv om Skogbrukslova er ei såkalla «næringslov», definerer den òg omgrepet «vernskog». Den kan stilla konkrete krav til skogsdrifta, medan Plan- og bygningslova er meir utydeleg på dette punktet. Er det laga eit faresonekart, skal det visast som omsynssone i ein reguleringsplan og næringa må gjera seg kjent med desse. «I tillegg er det lov å bruke hovud og sunn fornuft», sa Nordrum.
Samarbeid er avgjerande
Sektorovergripande samarbeid er viktig, men offentlege etatar elles må kjenna og ta ansvaret dei er tillagd. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse, som ikkje har vurdert klimaendringar, er ingen ROS-analyse, sa fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand hjå Fylkesmannen i Vestland.
Skogskjøtsel, samansetning av treslag og hogstformar kan styrka eller svekka funksjonane i skogen. Her trengst meir skogfagleg kompetanse. Demonstrasjonsområde i Bergen vil gje oss viktig kunnskap og erfaringar. Tilgjengeleg kunnskap, nettverk og regelverk må nyttast for å få gode planar og gode praktiske løysingar til samfunnet, skogeigaren og næringa sitt beste.
Kontaktperson:
Simon Rudolf Wolff, fmhoswo@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 73.
Stor aktivitet i vestlandslandbruket i 2018
Innovasjon Norge løyvde over 100 millionar kroner til etablerings- og utbyggingsprosjekt i landbruket i Vestland, medan Fylkesmannen bidrog til å løysa ut tilsvarande i utgreiings- og tilretteleggingsprosjekt.
Innovasjon Norge Vestland melder om rekordstore løyvingar til investeringsstøtte i det tradisjonelle landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane. 43 millionar gjekk til 91 prosjekt i Hordaland, og 58,3 millionar til 82 prosjekt i Sogn og Fjordane. Løyvingane løyste med det ut investeringar i driftsapparatet i dei to fylka for over 440 millionar kroner i 2018.
Samstundes løyvde fylkesmennene (Vestland frå 2019) til saman 8,7 millionar frå dei generelle utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) til landbruksrelatert næringsutvikling i 66 prosjekt, med totalt budsjett på 107 millionar kroner. Desse felles utviklingsmidlane har såleis stor utløysingseffekt, både for annan offentleg finansiering og eigeninnsats frå næring og utviklingsmiljø generelt.
Mest til ku
Hordaland og Sogn og Fjordane er mellom dei mest utprega gras- og beitefylka i landet. Mjølkeproduksjonen utgjer brorparten av verdiskapinga i tradisjonelt landbruk i fylka, medan sauehaldet dominerer i tal brukseiningar.
Investeringsprosjekt i mjølkeproduksjonen har vore spesielt dominerande i Sogn og Fjordane, der heile 57 prosent av løyvingane har gått til 20 utbyggingar. I Hordaland gjekk 48 prosent av løyvingane til 16 utbyggingar innan mjølkeproduksjon.
Til samanlikning gjekk 29 prosent av UTM-midlane til utviklingsprosjekt innan mjølke- og storfekjøtproduksjonen i dei to fylka, det meste til dei store mobiliserings- og kompetanseprosjekta for fornying av driftsapparatet til mjølkekyr og til ammeku.
Ekstra løft før byggestopp på sau
Ikkje uventa har byggesøknadane i sauehaldet vorte ekstra mange i 2018, spesielt i Hordaland, der «normalen» vart dobla til heile 16 løyvingar, på til saman 5,9 millionar. Auken har truleg bakgrunn i den varsla løyvingsstoppen for 2019. I Sogn og Fjordane vart det løyvd rundt 6 millionar til 20 utbyggingar. Truleg er avgangen i fylka framleis større enn auken i dyretal i desse byggesakene.
Det vore avgrensa aktivitet på felles utviklingsaktivitetar i 2018, men prosjektet Utmarksbasert kjøtproduksjon mobiliserer mellom anna til utbyggingar i Sogn og Fjordane, og det har vore søkt og løyvd til fleire, meir marknadsretta prosjekt, mellom anna til Lam frå Sogn og økologisk lammekjøt.
Fruktplantinga aukar igjen i Hardanger
I Hordaland tok fruktplantinga seg kraftig opp igjen, etter å ha vore noko moderat etter storsatsing for nokre år sidan. Total vart det løyvd heile 8,7 millionar til 46 prosjekt. I Sogn og Fjordane var det ein mindre auke til planting av frukt og bær, 4,6 millionar til 28 gardsbruk.
Landbruksbaserte næringar
Gardsmat, reiseliv og Inn på Tunet er tilleggsnæringane som er prioriterte og har mange etablerte aktørar. Det er likevel avgrensa etterspurnad innanfor desse områda, noko som kan ha samband med både auka fokus på tradisjonelt landbruk og storleiken på det etablerte miljøet. Men her er framleis vekst og gode potensial innan m.a. reiseliv, mat og drikke (sider og ost) og auka interesse for lokale kjøtsamarbeid, p.g.a. økonomien i sauehaldet.
Totalt har Innovasjon Noreg løyvd 7,4 millionar i 29 saker i 2018, og frå fylkesmennene gjekk om lag 25 prosent av løyvingane til utvikling av landbruksbaserte næringar.
Kontaktpersonar:
- Eirik Brynjelsen,
fmhoebs@fylkesmannen.no, tlf. 55 57 21 70 - Randi Erdal,
fmsfrer@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 73 / 476 42 589 - Ole-Andreas Smette, Innovasjon Norge tlf. 55 55 93 91
http://www.innovasjonnorge.no/no/landbruk/
Storfeprosjektet Vestland
I Vestland kjem kring 50 prosent av mjølka frå kyr som går i lausdrift. For å nå kravet om lausdrift for alle kyr må det byggast 25-30 lausdriftsfjøs i Vestland kvart år fram til 2034.
Storfeprosjektet skal hjelpe fram storfebønder med mjølk og ammekyr slik at dei kan få vurdert korleis dei kan koma seg over til lausdrift. Det kan både skje gjennom ombygging av eldre fjøs, eller som nybygg. I denne prosessen vert ressursane kartlagde, og det vert rekna på ulike alternativ for ei framtidig drift.
Hovudmålet med Storfeprosjektet er at storfebønder i Vestland skal ha eit moderne produksjonsapparat og driftsopplegg, der marknaden vert utnytta og investeringane står i høve til ressursgrunnlag og økonomi. Prosjektet er eigd av landbruksselskapa i Hordaland og Sogn og Fjordane. Prosjektleiar er Jo Helge Sunde som er leigd inn frå TINE.
Prosjektet er ei stor felles satsing, der 14 ulike organisasjonar står bak. Desse er: Hordaland bondelag, Sogn og Fjordane bondelag, Hordaland bonde- og småbrukarlag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, TYR Hordaland, TYR Sogn og Fjordane, TINE, Nortura, Felleskjøpet Agri, Norsk Landbruksrådgiving Vest, Hordaland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Fylkesmannen i Vestland.
Kontaktperson:
Bjørn Harald Haugsvær,
fmsfbhh@fylkesmannen.no, tlf. 57 64 30 71 / 480 07 375.