Blåfjelldal ny styreleiar i Veterinærinstituttet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.01.2019
Hanne Maren Blåfjelldal er oppnemnd som ny styreleiar for Veterinærinstituttet av Landbruks- og matdepartementet. Blåfjelldal var inntil sist haust statssekretær i same departement. Oppnemninga gjeld fram til 30. juni 2023.
– Veterinærinstituttet har ei særs viktig rolle i norsk bioøkonomi gjennom deira arbeid for trygg mat og for å verne om den gode helsestatusen for dyr i Noreg. Dei tilsette og den kunnskapen dei innehar, har imponert meg mange gonger, og eg gler meg til å bli vidare kjent med deira arbeid, seier Blåfjelldal.
Blåfjelldal (37) bur i Øystre Slidre i Valdres. Ho har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitet i Oslo. Ho har hatt ulike politiske verv i Framstegspartiet, i Oppland fylkesting og som vararepresentant og rådgjevar på Stortinget.
Den nye styreleiaren var statssekretær i Landbruks- og matdepartementet frå 16. oktober 2013 til 30. november 2018.