Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 14.05.2019
Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om den høge hjortebestanden i fylket, som er utfordrande for landbruksnæringa.
- Høg hjortebestand - utfordrande for landbruksnæringa i fylket
- Aksjon for innsamling av mekanisk avfall
- Mjølkeprodusentane må tenkje langsiktig – strategisk rådgjeving er viktig!
- MR mat – arenaen der lokalmatnæringa møtes
Høg hjortebestand - utfordrande for landbruksnæringa i fylket
Både jord- og skogbrukarar har i delar av fylket omfattande skadar av hjortevilt. Hjorten beiter i plantefelt og på jordbruksareal.
Nokre stader er det problematisk å få opp ny barskog grunna beiting av hjort. Hjorten beitar normalt ikkje bartre, så dette indikerer ein høg bestand. I desse områda er andre meir prefererte beiteplanter allereie nedbeitt. Skogeigarane er pliktig å få opp att ny skog, noko som blir vanskeleg og kostnadskrevjande i desse områda.
Hjorten preferer godt gjødsla eng, og difor er dei mest aktive bøndene mest utsett. Ei undersøking hjå fleire bønder i Aure viste at avlinga blei redusert med 1 rundball pr. daa i gjennomsnitt grunna hjortebeiting. Vidare fører omfattande hjortebeiting til meir jordarbeiding og såing. Etter tørkesommaren 2018 vart avlingstapet grunna hjort ekstra merkbart.
I område med tette hjortebestand vert naturgrunnlaget og artsmangfaldet endra. Viktige nøkkelarter som til dømes blåbær vert nedbeitt. Det er heilt klart at ein stor hjortebestand får konsekvensar for andre artar.
Tal frå Hjorteviltregisteret viser at hjortebestanden i fjor var rekordstor i Møre og Romsdal. Det har aldri vore skote eller sett fleire hjort, vidare var tal påkøyrde dyr på sitt høgaste. Kollisjon med hjortevilt er kostbart og farleg, samt at det kan gje store lidingar for dyret.
Landbruksnæringa hadde i fjor fleire møter med forvaltninga grunna problema med aukande hjortebestand. Strukturrasjonaliseringa i landbruket, med færre aktive bønder, har ført til at deira stemme får mindre vekt enn jegerane si under utarbeiding av forvaltningsplanar. Ved tildeling av dyr er alt areal teljande, uavhengig om det er næringsfattig utmark eller godt drive jordbruksareal. Sjølv med vesentleg reduksjon i hjortestamma vil einskilde bønder i vårt fylke ha skadar i hjorten sine kjerneområde.
Landbruk Nordvest vil no saman med Møre og Romsdal Bondelag etablere eit prosjekt for å registrere tap i avlingsmengde og avlingskvalitet grunna hjortebeiting. Dei vil samanlikne avlinga innanfor og utanfor inngjerda forsøksruter på jordbruksareal. Av dette vil ein kunne sjå på økonomisk tap, og dermed kunne vurdere trong til økonomisk kompensasjon. Gjennom prosjektet vil ein og sjå på regelverket i hjorteforvaltninga knytt til landbruksinteressene.
Kontaktperson:
Fylkesskogmeister Løset, Odd,
telf.: 71 25 84 08, fmmrodlo@fylkesmannen.no
Aksjon for innsamling av mekanisk avfall
I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.
Landbruk Nordvest satsar på å etablere ein effektiv organisering, som kan føre til gjenvinning av store mengder mekanisk avfall rundt omkring i fylket. Det er også von om at prosjektet kan resultere både i endring av haldningar og i varige rutinar for innsamling av mekanisk og anna avfall i framtida også.
Landbruksnæringa har gått gjennom store endringar dei siste tiåra. Reiskap og utstyr vi brukte for 10 - 30 år sidan eller meir, er umoderne og utilstrekkelege i dagens landbruk. Utrangert utstyr har likevel ein betydeleg verdi. Verdien kan vere gjenvinning, eller kanskje til og med gjenbruk. Deponering er siste utveg. Deponering skjemmer kulturlandskapet og fører også til forureining.
Landbruk Nordvest skal drive prosjektet, og samarbeider med egne medlemmer, kommunane, landbruksnæringa, renovatørar, mottaksanlegg og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Kontaktperson:
Daglig leder Landbruk Nordvest, Rune Sjåholm,
mob.: 419 00 031, rune.sjaholm@nlr.no
Assisterande direktør Ottar Longva, Fylkesmannen i Møre og Romsdal,
tlf.: 71 25 84 02, fmmrotlo@fylkesmannen.no.
Mjølkeprodusentane må tenkje langsiktig – strategisk rådgjeving er viktig!
Mjølkeproduksjonen er både kompetanseintensiv og kapitalkrevjande. Bønder som investerer må ha eit langt tidsperspektiv, og beslutning om å satse må bygge på grundig prosess med gode grunnlagsdata. Det store bildet er at nokre bestemmer seg for å satse offensivt, men mange fleire er i tenkjefase. I denne situasjonen er det viktig at gardbrukaren har kompetente samtalepartnarar og at alternativa kjem på bordet og blir drøfta.
Dette er bakgrunnen for at Tine jobbar systematisk med strategisk rådgjeving, retta direkte mot bonde. Prosjektet har ei geografisk tilnærming, og inviterer alle mjølkebønder , kommune for kommune, inn i prosessen. Den overordna målsetjinga er at bøndene skal ha ei offensiv haldning til eiga framtid, uavhengig av om konklusjonen blir investering og satsing, eller om det blir ei framtid utanfor landbruket. Tine har nyleg levert sluttrapporten for tiltak i Ørsta og Volda kommunar, og ved utgangen av 2020 skal alle i fylket ha fått tilbodet.
Rapporten som er lagt ut på heimesidene til fylkesmannen, gir godt innsyn i både arbeidsmetodikk og status for landbruket. Tine tilbyr både individuelle samtalar, faglege arrangement og tilrettelagt diskusjon mellom grannar. Prosessen skal hjelpe bøndene til å gjere gode val med utgangspunkt i eigen situasjon. Erfaringane indikerer at både optimisme og pessimisme er smittsamt – der nokre bestemmer seg for å satse offensivt kjem ofte fleire etter.
Denne måten å arbeide på har gitt gode resultat. Landbrukskontora kjem tett på næringa, og Tine kjem i inngrep med mjølkeprodusentar som til vanleg ikkje drøftar vegval. Det er godt grunnlag for å hevde at prosjektet har bidratt til rekruttering, og at ressursane på gardsbruk som går ut av produksjon blir stilt til disposisjon for aktive bønder. Tiltaket har fått fleire til å gjere aktive val tidleg, og for nokre har dette resultert i investeringsplanar.
Andre kulepunkt frå oppsummeringa er m.a.
- Rådgjevar/samtalepartnar kjem i inngrep med fleire bruk enn «vanleg»
- Prosessen har fått fram aktive val hos mjølkeprodusentane
- Tiltaket stoppar ikkje avviklingsbruka, men tala indikerer at fleire
av desse vil selje garden. - Les hele rapporten
Kontaktperson:
Fagrådgjevar i TINE Rådgiving Lisbeth Valle,
mob.: 916 38 999, Lisbeth.Valle@tine.no
Assisterande direktør Longva, Ottar,
tlf.: 71 25 84 02, fmmrotlo@fylkesmannen.no
MR mat – arenaen der lokalmatnæringa møtes
Dette arrangementet har blitt ein årleg tradisjon, og no i 2019 var Ålesund peika ut som møteplass. Arrangementet gjekk over to dagar, og samla rundt 70 lokale bedrifter. MR mat er både ein fagleg arena, og ein møteplass for inspirasjon, nettverksbygging og samarbeid.
Lokalmatnæringa er i ferd med å bli moden å medviten om eigen styrke. Møre og Romsdal er eit stort ostefylke - ostane Edamer, Ridderost, Port Salut og Snøfrisk er blant ostane som vert produsert her i fylket, i tillegg til sterke lokale osteprodusentar som har lukkast både nasjonalt og internasjonalt.
MRmat er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Matnavet på Mære og Hoppid.