Reindriftsavtalen 2019/2020 oversendt Stortinget
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.05.2019
Proposisjon om ny reindriftsavtale 2019/2020 er i dag oversendt Stortinget. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og Staten vart den 26. februar samde om ny reindriftsavtale for perioden 1. juli 2019 til 30. juni 2020. Reindriftsavtalen 2019/2020 har ei økonomisk ramme på 136,1 millioner kroner. Dette er ein auke på 13 millionar kroner i høve til gjeldande avtale.
Reindriftsavtalen legg opp til å styrke og utvikle reindriftsnæringa som ei marknadsretta og berekraftig næring. Dei som har reindrift som hovudverksemd blir prioritert i årets reindriftsavtale.
Reindriftsavtalen 2019/2020 skal etter planen handsamast i Stortinget 19. juni.