Auka løyving til matsentralar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 01.03.2019
Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde.
Støtte til organisasjonar for 2019 (kap. 1138 post 70):
Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:
- formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
- fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
- bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
- fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
- fremjar likestilling i arbeidet sitt.
I Stortinget sin behandling av Prop 1 S (2018-2019) blei det løyvd 7 mill. kroner til matsentralar. Ein matsentral er eit senter for redistribusjon av overskotsmat som vert donert/levert vederlagsfritt til mottakar som er registrert i Einingsregisteret, for utdeling på veldedig grunnlag. Overskotsmat blir levert frå matprodusentar, grossistar, daglegvarebutikkar eller andre matbedrifter/organisasjonar, til ideelle organisasjonar. Desse kan gi matposar, eller servere mat gratis eller til en symbolsk pris, til menneske som har behov for dette. Overskotsmat er næringsmiddel som ikkje kan bli seld, for eksempel grunna haldbarheitstid eller tilstand ved emballasjen, og som derfor ellers ville blitt kasta/destruert.
Ein matsentral bør også vere ein organisasjon der dei mest relevante aktørane (matbedrifter, ideelle organisasjonar og offentlege styringsorgan) bør samarbeide både når det gjeld planlegging, etablering og drift. Ein matsentral bør også vere ein organisasjon med eit styre og ei leiing som er ansvarleg for drifta.
Organisasjonar som ønskjer støtte over ordninga må søke. Søkjarane skal vere på nasjonalt nivå, og må oppfylle krav i regelverket. Tilskot blir gitt som grunnstøtte. I vurdering av søknadane inngår kriteriar som m.a. organisasjonens formål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkjarane etter overordna målsetjingar.
Søknadsfristen for støtte frå auka løyving på statsbudsjettets kap. 1138 post 70 for 2019 er 5.3.2019.
Berre søknadar som er motteke innan fristen vil bli behandla. Søkjarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke.
Følgjande skal leggast ved søknaden:
- årsmelding/årsberetning for 2017
- godkjent rekneskap for 2017
- budsjett for 2019 som synleggjer inntekter og utgifter
- kontingentinntekter og eventuelle tilskot/refusjonar/inntekter frå andre skal spesifiserast både i rekneskap og budsjett
- opplysingar om talet på medlemmar og oversikt over ev. lokallag
- beskriving av aktivitet i organisasjonen som er med på å bygge opp under målsettingane for ordninga
- Sjå regelverk for ordninga om tilskotsordning
Søknad med vedlegg sendast per e-post til postmottak@lmd.dep.no innan 5.3.2019.
Kunngjeringa blei første gong publisert 11.02.2019