Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 12.03.2019
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien "Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA. Det er regjeringas strategi for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa. Den skal og stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar.
– Alle nærings- og samfunnssektorar må bidra til grøn omstilling i norsk næringsliv og nye grøne arbeidsplassar. Omstillinga skal leggje grunnlaget for eit berekraftig velferdssamfunn. Eg vil at skog- og trenæringa skal spele ei sentral rolle i ei slik utvikling, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Visar retning
Strategidokumentet skal vise retning for å mobilisere skog- og trenæringa til auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra til at grøne, trebaserte produkt blir eit førsteval der det er mogleg og føremålstenleg. Strategidokumentet er utarbeidd av Landbruks-og matdepartementet, etter kontakt med Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg, forskingsmiljø og næringsaktørar har bidrege med innspel til arbeidet.
Styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring
Både med tanke på auka FoU- og innovasjonsaktivitet og for å stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt, er styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring heilt sentralt. I den vidare oppfølginga av strategien blir det derfor lagt særleg vekt på tiltak som støtter opp under dette.
Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar. I tillegg vil ulike interessegrupper (t.d. byggherrar, arkitektar, rådgivande ingeniørar) bli inviterte til å delta. Formålet med forumet er å bidra til tettare koplingar i og mellom aktørar i heile verdikjeda frå skog til marknad, og betre dialog mellom næringa og kunnskapsmiljøa.
– Regjeringa kan leggje til rette for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra med langsiktige, føreseielege og stabile rammevilkår. Skog- og trenæringa må sjølv utnytte moglegheitene, seier landbruks- og matminister Bollestad.