Hjå Tingvollost
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.09.2019
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har vitja Tingvollost.
Tingvollost lagar kvit- og blåmuggostar med mjølk frå eigen gard. Dei fleste har høyrt om osten frå Tingvoll etter at dei i 2016 med blåmuggosten Kraftkar vann World Cheese Awards i Spania.
– Eg er imponert over det familien Waagen har bygd opp kring garden Saghaug og Tingvollost, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. – Det er eit godt døme på kva som er mogleg å få til ved å satse grundig og systematisk på lokale produkt med særpreg, og der folk både kan få fortalt og oppleve historiene som ligg bak maten, seier Bollestad.
![Gunnar Waagen tok eit godt tak kring landbruks- og matministeren når ho kunne fortelje at Mattilsynet sitt kontor i Surnadal skal oppretthaldast.](/globalassets/departementene/lmd/politikere/tidligere-politikere/olaug-v.-bollestad/sammen-med-flere/bollestad-og-gunnar-waagen-tingvollost-16x9-f-lmd.jpg?preset=article&v=1278139199)
Vi er samvirkebønder på vår hals!
Folka på Tingvollost nytta høvet til å ta opp fleire tema dei er opptekne av med landbruks-statsråden. Det var Matnava og den besøksordninga desse har, mottaksplikta for mjølk, Norsk Gardsost og det gode samhaldet mellom ysteria, vaktordning for veterinærar og verdien av å ha uavhengige distributørar som Tine som fraktar all osten frå Tingvollost og gjer dei uavhengige av grossistleddet. – Vi har eit særs godt samarbeid med Tine, som hentar den mjølka vi ikkje bruker i osteproduksjonen. Vi er samvirkebønder på vår hals! seier Gunnar Waagen.
Avhengig av hjelpa frå det lokale Mattilsynet
Waagen nytta også høvet til å skryte av det gode samarbeidet og all hjelpa dei har hatt frå det lokale Mattilsynet i Surnadal. – Tingvollost hadde ikkje sett dagens lys hadde det ikkje vore for den hjelpa vi har fått frå dette Mattilsyns-kontoret, seier Waagen.
Stor var derfor jubelen då Bollestad kunne fortelje at kontoret i Surnadal vil bli vidareført som i dag, og ikkje bli slått saman med kontoret i Kristiansund, slik det har vore forslag om.
![F.v. Solvor, Gunnar og Kristin Waagen hadde mykje dei ville snakke med Olaug Bollestad om.](/globalassets/departementene/lmd/politikere/tidligere-politikere/olaug-v.-bollestad/sammen-med-flere/bollestad-solvor-kristin-og-gunnar-waagen-tingvollost-f-lmd.jpg?preset=article&v=1278067325)
Tingvollost
Tingvollost vart etablert i 2003 i Tingvoll kommune på Nordmøre. Ystinga skjer i eige gardsmeieri som vart bygd i 2006. Det ligg vegg i vegg med fjøset som vart bygd i 2009. Tingvollost nyttar berre pasteurisert kumjølk frå eigen gard til ystinga. Årsproduksjonen ligg på omkring 22 000 kg ost. I tillegg blir det levert mjølk til TINE sin Jarlsbergproduksjon.
På garden Saghaug kan folk kome og oppleve gardslivet, dei får treffe dyra, kan handle i gardsbutikken og få høyre historia som ligg bak garden og Tingvollost.
Tingvollost sine ostar har vunne mange prisar, både nasjonalt og internasjonalt. Blåmuggosten Kraftkar vann i 2016 prisene World Champion (verdens beste ost) under World Cheese Awards i San Sebastian, Spania – og den vann Champion of Champions (verdens beste ost gjennom konkurransens 29 årige historie). Alle dei fire ostane til Tingvollost har vunne medalje under World Cheese Awards.