Høyring av forslag til forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 23.09.2019
Landbruks- og matdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket.
Forslaget til forskrift er eit ledd i oppfølginga av regionreforma og overføring av ansvaret for forvaltning av midlar til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (tidlegare utgreiings- og tilretteleggingstiltak) til fylkeskommunane. I utkastet som blir sendt på høyring blir det foreslått at midlane blir regulert i ei felles forskrift saman med regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket, som fylkeskommunane allereie forvaltar.
Høyringsfristen er sett til 15. november.