Markant auke av søkarar til landbruksfagleg utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.04.2020
Stadig fleire vil ta landbruksutdanning. Søkarar som har ei landbruksfagleg utdanning som sitt fyrsteval i år har auka med nær 18 prosent samanlikna med fjoråret. Det viser ferske tal frå Samordna opptak.
– Landbruket er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Noreg. Det trur eg enda fleire har fått auga opp for dei siste vekene. I landbruket kan du få ein meiningsfylt jobb som blant anna gjev nordmenn mat på bordet, held dyra friske, og utviklar skogbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
– Eg er takksam for den jobben landbruket gjer og eg gleder meg over søkartala til landbruksutdanningane. Vi treng dyktige folk på gardane, i rådgivingsapparat og i forskingsmiljø, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Rekordmange søkarar til høgare utdanning
150 000 personar søkar studieplass til høgare utdanning i år.Det er ein ny rekord. Søkartala viser at 551 personar har eit av landbruksfaga som sitt fyrsteval. I fjor var det 468 personar.
Søkartala for fagskule blir inkludert i år
Dette året blir og fagskular inkludert i søkartala for høgare utdanning. Det har dei ikkje vore tidligare. I år er det 234 personar som søkar har utdanning på grøne fagskular som sitt fyrsteval. Det er fleire søkarar enn det er studieplassar. Fagskulen i Innlandet tilbyr i år eit nytt fag ”Dyreassisterte aktiviteter – samspill med dyr”. Faget har 25 studieplassar og 44 fyrstegangssøkarar.
Stor auke for plantevitskap og skogfag
Plantevitskap ved Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og skogfaga ved NMBU og Høgskolen i Innlandet er blant faga som utmerker seg med mange fleire søkarar i år. Det er også ein betydeleg auke i søkartala til agronomistudiane ved Høgskulen i Innlandet. Samanlikna med fjoråret, er det ei auking på mellom 50 og 100 prosent når det gjeld kor mange søkarar som har dessa faga som sitt fyrsteval.