Dyrsku'n får økonomisk kompensasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.08.2020
Regjeringa har vedtatt å gi 11.2 millionar kroner i kompensasjon til Dyrsku'n, som for første gong i historia må avlysast. Dyrsku'n skulle til vanleg vore arrangert i september, men må i år avlyse på grunn av faren for korona-smitte.
– Dyrsku'n er eit omgrep. Dyrsku'n er ein institusjon, - for bønder, for bygdefolk og for folk flest. Dyrsku'n er folkefest og møteplass. Det har vore viktig for meg å leggje til rette for at Dyrsku'n skal kome seg gjennom denne krevjande perioden og vere i stand til nye arragement i åra som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
– Dyrsku'n har i alle år sidan 1866 blitt arrangert til same tid; andre helga i september, og på same plass; Dyrsku-plassen i Seljord.
Dyrsku'n har vakse seg stor og manfoldig, men har i alle år halde fast på kjerneaktiviteten; husdyrutstillinga, som bokstaveleg tala er i sentrum, seier Bollestad.
– Noreg treng slike møteplassar som Dyrsku'n. Det er viktig for bygdene våre og samfunnsutviklinga, Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ein viktig arena for politiske diskusjonar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Noregs største handels- og landbruksmesse
Dyrsku'n er Noregs største handels- og landbruksmesse og samstundes ein viktig møteplass i bygde-Noreg. Dyrsku'n har vore arrangert på Dyrsku-plassen i Seljord kvart år gjennom 154 år. Det møter om lag 90 000 på Dyrsku'n gjennom tre dagar. I løpet av desse dagane blir det omsett varer for meir enn 500 millionar kroner frå meir enn 800 utstillarar.
Når Dyrsku'n i år må avlyse, vil tapet i omsetnad for Dyrsku'n vere på om lag 70 mill. kroner og setje selskapet i ein svært krevjande økonomisk situasjon.
Dyrsku-plassen er ei stifting, som er eigd av Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap. Under Dyrsku'n er det omlag 2000 personar som har oppgåver i samband med arrangementet, anten for sitt lag/sin organisasjon eller direkte for Dyrsku'n.
Lokalsamfunnet, først og fremst i Seljord, nyt godt av ringverknadane. Telemark Næringshage reknar med at årets avlysing vil føre til ein reduksjon for lokal handel på inntil 300 millionar kroner. Lokale lag og organisasjonar i regionen mister inntekter frå arrangementet på over 10 millionar kroner.
Regjeringa skal legge fram for Stortinget at Dyrsku'n får kompensert 11,2 millionar for å dekke deler av underskottet knytt til korona-situasjonen. Forslag om kompensasjon skal leggjast fram for Stortinget seinast i samband med nysalderinga av 2020-budsjettet.
Regjeringa tek atterhald om at kompensasjonen blir godkjend av ESA (Eftas overvåkingsorgan) og at Stortinget gir sitt samtykke.