Tildeling av prosjektmiddel i grøntsektoren – auka etterspurnad og berekraft som konkurransefortrinn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.12.2020
Fire aktørar har til saman fått innvilga nærmare 2,6 millionar kroner til prosjekt som skal medverke til å nå målsetjinga om auka etterspurnad etter norsk frukt og grønt.
Innovasjon og vekst i grøntsektoren med mål om auka norskandel har vorte løfta fram som eit satsingsområde i jordbruksoppgjera i 2019 og 2020. Som ein del av satsinga vart det i 2019 sett ned eit rådgjevande utval (grøntutvalet) som skulle legge fram ein langsiktig plan for styrka innovasjon, vekst og auka norskandel for grøntproduksjonar (grønnsaker, frukt, bær, potet og planteskole- og prydplanter).
Grøntutvalet la fram sin rapport 26. mars, og i jordbruksoppgjeret i vår følgde avtalepartane opp med tiltak og løyvingar. Mellom anna vart det løyvd totalt 3 millionar kroner til forprosjekt med mål om auka etterspurnad etter norsk frukt og grønt og for å utvikle berekraftsstrategi og berekraftskompetanse.
Forprosjekta som har fått innvilga støtte er:
- Gartnerhallen SA 720 000 kr til "Forprosjekt: Bærekraft som konkurransefortrinn for norsk grøntnæring"
- Matmerk 1 442 200 kr til "Forprosjekt for å auke etterspørsel etter norsk frukt og grønt"
- NIBIO 279 000 kr tilo "Økt norskandel i offentlige innkjøp av frukt og grønt"
- Norsk Gartnerforbund 150 000 til "Sammen for norske planter – SamPlant".
![Frukt og grønt.](/contentassets/321682e7d0094964ab63bf8a94aba7f9/diverse-gronsaker-blomkal-lok-tomat-asparges-gronkal-chili-urter-sitron-16x9_dsc3801-f-torbjorn-tandberg.jpg?preset=article&v=635529914)