Fylkesnytt frå Rogaland 1/2020
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.02.2020
Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om pelsdyr – viktig å få til gode prosessar saman med kvar enkelt farmar.
- Pelsdyr – viktig å få til gode prosessar saman med kvar enkelt farmar
- Meir enn berre mjølk
- Ny E 39 gir stort tap av jordbruksjord
- Resirkulering av gjødselvatn i veksthus er eit godt miljøtiltak
- Over 50 bønder vil legge til rette for vipa på eigen driftseining
Pelsdyr – viktig å få til gode prosessar saman med kvar enkelt farmar
Vi må møte folk med respekt og forståing for situasjonen dei er i Rogaland har mellom 65 og 70 føretak som driv eller har drive med pelsdyr i perioden 2016–2019. Kor mange av desse som kjem til å søkje om kompensasjon for avvikling av pelsdyrhaldet, riving og opprydding, eller når dei kjem til å søkje, veit vi ikkje. Det er heller ikkje sikkert at alle oppfyller grunnvilkåra for å få kompensasjon. Det vi veit er at alle sakane er unike, og krev si individuelle behandling. Bak kvar søknad er det folk og familiar. Dei må vi møte på ein god måte, med respekt og forståing for situasjonen dei er i. Dette er spesielt viktig sidan saka rører ved deira livsverk, som gjerne er bygd opp gjennom generasjonar, og sidan regelverket gir klare rammer for kva som kan kompenserast og ikkje.
Tett kontakt med næringa
Fylkesmannen i Rogaland har hatt tett kontakt med pelsdyrnæringa i tida etter at avviklinga av næringa blei vedtatt. Seinast 15. januar 2020 møtte vi næringa til informasjonsmøte om det dagsferske rundskrivet. Samlinga var det Pelsdyrlaget som hadde kalla inn til, og det var opent for alle farmarar. Vi reknar med at om lag 40 farmar var representerte på samlinga. I tillegg møtte tilsette og tillitsvalte i pelsdyrnæringa. Det var sett av tid til grundig gjennomgang av regelverket, og god tid til spørsmål.
Vi har gitt tilbod om besøk til alle farmarar. Under besøka vi vil informere om moglegheiter og avgrensingar i kompensasjonsordninga slik vi ser det for kvar enkelt farm. Rogaland Pelsdyralslag har fått utvikling- og tilretteleggingsmidlar slik at dei kan tilby hjelp og støtte i prosessane for dei farmarane som er i ein vanskeleg situasjon, og som treng ekstra støtte.
Endra kompensasjonsordning
Tysdag den 11. februar 2020 vedtok Stortinget å endre kompensasjonsordninga. Det betyr at LMD må endre eller utarbeide ei ny forskrift for kompensasjon. Arbeidet vil ta tid, men vi håper at eit nytt regelverk vil vere på plass innan sommaren. Mange farmarar vil nok vente med å søkje til dei veit meir om kva som ligg i det nye regelverket.
Vedtaket har gitt nokre nye utfordringar. I Rogaland har vi fått inn to søknadar som framleis ikkje er behandla. I tillegg har vi 6–8 føretak som har vore i kontakt og spurt korleis dei skal gå fram i søkjeprosessen. Etter endringa 11. februar har vi fått fleire spørsmål både frå næringa sine representantar og frå enkeltføretak. Kan vi få behandla søknaden etter dagens regelverk, og få ut noko kompensasjon no? Vil min sak bli tatt opp på nytt når endra regelverk er klart? Kan vi starte prosessane med riving og opprydding?
Vi har ikkje kunna gitt heilt klare svar på desse spørsmåla ennå. Vi kan behandle søknadane etter gjeldande regelverk, men vi kan ikkje gi svar på om det er lurt. Vi kan ikkje seie noko om behandla søknadar blir tatt opp att ved nytt regelverk. Det vil òg, naturleg nok, vere meir krevjande å taksera ein farm som er riven. Før vi behandlar ein sak etter gjeldande regelverk må vi vere sikre på at søkar faktisk vil det.
Kontaktperson:
Rolf-Gunnar Husveg, fmrorgh@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 88.
Meir enn berre mjølk
Mjølk er diskusjonstema som aldri før. Ernæring, næring, nedskalering, ressursutnytting og struktur. Mjølkeproduksjonen er den viktigaste verdiskaparen i landbruksfylket Rogaland med om lag 1,4 milliardar kroner årleg på bondeleddet. Det produserast i dag kumjølk i 22 av våre 23 kommunar. Sjølv om det nærmar seg 10 år sidan Regionalplan for landbruk i Rogaland blei vedtatt, er planen like relevant i dag. Målsettinga er at mjølkeproduksjonen i distrikta held fram med minst same volum som i år 2010. Og i dag ligg vi rundt dette målet. I 2019 blei 35 prosent av mjølka i fylket produsert i distrikta våre. Det er bra.
Resultata frå oppkjøpsrunden
Så blir det nesten reine krimromanen å følgje med på om distrikta i fylket vil svekke sin posisjon i desse nedskaleringstider. I oppkjøpsrunden hausten 2019 blei det seld kvotar frå 93 føretak i Rogaland. Overraskande mange frå sentrale strok (Jæren). Om lag 63 av desse var leigekvotar. Resultatet blir 30 færre aktive mjølkebruk i fylket. Den pågåande oppkjøpsrunden som starta 2. januar i år viser at distriktsmjølka i fylket ikkje tapar seg. Status per 5. februar viser at om lag 35 prosent av påmeld kvotemengd for sal kjem frå distrikta våre. 53 prosent av dei påmelde kvotane for sal kjem frå jærkommunane.
Kva svarer bøndene i Vindafjord og Suldal?
Lausdriftskravet i 2034 er ein x-faktor. Kva tenkjer bøndene om si framtid som mjølkebonde? Fornyinga skjer i ulikt tempo rundt i fylket. For å ta tempen på mjølkeproduksjonen valde vi å spørje bøndene i Vindafjord og Suldal. To distriktskommunar som framleis har mange båsfjøs. Vi har fått svar;
- Bøndene har stort behov for å fornye, først og fremst mjølkefjøset.
- I Vindafjord vil 67 prosent av dei med båsfjøs bygge innan 2034.
- I Suldal er det mindre interesse for å bygge, og over 50 prosent ønsker å selje garden til nye drivarar i løpet av dei neste 15 åra. Fleirtalet vil selje garden innan familien. Heile 53 prosent av bøndene med båsfjøs svarer at dei planlegg å avvikle.
- Dei som vil bygge er under 50 år og har ei snittkvote på 150 000 liter. Utfordringane dei ser framover er låg inntekt, mangel på godt omdømme som bonde og for liten politisk satsing på mjølk. Det er berre 58 prosent som meiner dei får den rådgivinga dei ønsker. Her er det nok å ta tak i.
- Dei som vil avvikle mjølkeproduksjonen i løpet av dei neste 15 åra er bønder over 55 år. Dei har vore bonde i rundt 30 år og har ei snittkvote på 115 000 liter. Det hindrar dei i å investere er økonomiske forhold, spesielt gjeldsnivået etter bygging. Mange av desse er i alderen der ein må begynne å tenke på generasjonsskifte på garden.
Kontaktperson:
Geir Skadberg, fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 64 og Margit Reiersen (undersøkinga i Vindafjord og Suldal), marei@fylkesmannen.no, tlf: 51 56 88 12
Ny E 39 gir stort tap av jordbruksjord
Dei mest krevjande arealplan-spørsmåla i Rogaland om dagen handlar om nye infrastrukturtiltak, særleg planane for ny E39 mellom Lyngdal og Ålgård. Vegprosjektet er omfattande, og går gjennom fleire kommunar og to fylke. Det er laga ein eigen video som viser dei ulike korridorane. Prosjektet er kostnadsrekna til over 30 milliardar kroner, og blir planlagd gjennom eit område med store landskaps-, natur- og landbruksverdiar. Arbeidet med planprosessen har vore særs krevjande, og Fylkesmannen har i uttale av 17. januar 2020 peika på at alle alternativa gir tap av store verdiar.
Jordvernet blir utfordra
Regional jordvernstrategi for Rogaland har mål om å ikkje bygge ned meir enn 400 dekar jordbruksareal i året. Ny E39 åleine vil krevje opp mot 1000 dekar jordbruksareal, inkludert innmarksbeite. Vegprosjektet tar eit stort jafs i dette årlege maksimalmålet for nedbygging. Sjølv om det er planar om avbøtande tiltak, vil det i liten grad vere mogleg å kompensere faktisk tapt jordbruksareal. Det er dyrkbare areal tilgjengeleg, men her kjem vi raskt i konflikt med viktige naturkvalitetar. Vi har peika på at reguleringsplanen må avklare viktige tema som vegstandard, tilførselsvegar, overskotsmassar og erstatning av tapt landbruksareal.
To, tre eller fire køyrefelt?
Vi har gjennom heile planprosessen stilt spørsmål om vegstandard, då vi meiner dette er eit like viktig tema som traséval. Færre felt gir mindre tap av verdiar som landskap, naturmangfald og landbruk, og ein smalare trasé vil og vere enklare å plassere i terreng og landskap. Trafikkprognosar og mål om mindre vekst i personbiltrafikken aktualiserer også vurderinga. Vi har derfor rådd Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) om å vurdere 2–3 felts veg med midtdelar for heile eller delar av strekninga.
Samanlikna med våre naboland, har Noreg utmerka seg gjennom ei nokså eksplisitt kopling mellom årsdøgntrafikk (ÅDT) og krav til vegstandard. Det blir hevda at dette i for liten grad er kopla til kvaliteten på det tilstøytane vegnettet. Forskarar rår til at samfunnsøkonomien blir sterkare vedlagt. Transportøkonomisk institutt rår til ein meir kritisk gjennomgang av vegstandard og vegutforming.
Mineralressursar kontra andre interesser
Seint i planprosessen er det gjort funn av viktige mineralressursar i og ved delar av korridoren. Mineralressursane er verdsett til mange milliardar kroner, og har fått stor merksemd i media. Ressursane kan faktisk få følgjer for kor vegen skal gå, med negativ konsekvens for jordvernet. Vår erfaring er at det er vanskeleg å nå fram med verdiar som jordvern når slike næringsinteresser kjem opp. Her finn du eit innslag frå NRK om temaet.
No ventar vi på avgjerd i KMD om val av korridor – vi går for R1.
Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.
Resirkulering av gjødselvatn i veksthus er eit godt miljøtiltak
Fylkesmannen i Rogaland samarbeider med veksthusnæringa for å få fleire til å resirkulere gjødselvatnet i gartneria. Meir kunnskap er grunnleggande, og det var gledeleg å konstatere 35 gartnarar og andre på fagdag om resirkuleringsanlegg, der gartnarar frå heile landet var invitert.
Utfordringa med resirkulering er fare for plantesjukdommar og opphoping av nokre næringsstoff. Det krev også meir av gartnarane. Nick Starkey frå rådgjevingsfirmaet Grotek i Danmark var på fagdagen hyra inn for å dele av sin kunnskap. Gartnarane som vil resirkulere blir anbefalt å desinfisere/reinse gjødselvatnet før det igjen blir brukt i produksjonen. Det finnest fleire metodar, mellom anna blir oppvarming, UV-lys og klor nytta. Starkey meiner oppvarming er den sikraste metoden for å ta knekken på plantesjukdommar. Han meiner også at Noreg, og særleg på Vestlandet, er heldige som har vatn utan mykje natrium. Likevel kan opphoping av natriumklorid vere eit problem, og gjødselvatn med mykje av dette saltet må somme stundar tas ut av systemet og handterast på andre måtar.
Insitament for attvinning av næringsstoff
Fleire kommunar i Rogaland har allereie gitt SMIL-midlar til resirkuleringsanlegg for gjødselvatn i gartneri, og frå og med 2020 kan gartnarane søke om støtte frå Innovasjon Noreg til tiltak mot avrenning i veksthus. Resirkuleringsanlegg vil vere løysinga for mange, men IN kan òg gje støtte andre typar tiltak som reduserer avrenninga. For nokre av dei mindre gartneria kan det vere aktuelt å samle opp overskotsgjødsla og bruke den i frilandsproduksjon. I åra 2020–2024 er det opna for at gartnarane kan få støtte både frå Innovasjon Norge og kommunale SMIL-midlar slik vi raskare kan få på plass tiltak i gartneria i Rogaland.
Kontaktperson:
Karen Beate Grimstad, fmrokbg@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 40.
Over 50 bønder vil legge til rette for vipa på eigen driftseining
I haust melde over 50 bønder seg interesserte i å ha ei «vipe-stripe» på sitt areal i 2020. Rogaland sin fylkesfugl er raudlista som sterkt trua, og bøndene sit med nokre av dei viktigaste nøklane for å gi vipa ein trygg hekkesesong. Svart jord er eit trekkplaster for vipene. Her er det opent og oversiktleg slik at ho kan oppdage og samarbeide om å jage bort fiendar, her kan ho legge egg og her finn ho mat. Å sette av eit jordarbeidd område om våren til vipa kan vere eit godt tiltak for å få fleire vipeungar på vingane.
Storskala uttesting av vipe-striper
I 2019 blei det for første gang etablert ei eigen ordning for vipa i Regionalt miljøprogram i Rogaland. I år er den utvida til heile fylket. Bøndene må melde interesse til landbrukskontoret om hausten, og sette av eit område på minimum 2 dekar på våren. Området må deretter vere i fred fram til 1. juni. Frå ein forsiktig start i Time kommune, har vi no over 50 bønder frå Hå til Vindafjord som vil teste tiltaket. Vi er godt fornøgd med interessa, og med å ha ny medarbeidar Margit Reiersen til å følgje opp alle tiltaka. Vipa er ein fugl som engasjerer folk i Rogaland. Vi anbefaler å lese Ernst Arne Sælevik sitt innlegg som gir eit godt innblikk i vipelivet på Haugsgjerdet .
Fleire tiltak må til
Utfordringane finn vi på mange frontar, og vi må jobbe med fleire tiltak samtidig. I tillegg til vipe-stripene i miljøprogrammet ser vi på korleis vi kan minske konflikten mellom miljøvenleg gjødselspreiing og omsynet til bakkehekkande fugl.
Agromiljø AS har fått utvikla ein eigen «vipedisk» til å legge over reira ved bruk av slepeslangar under gjødselkøyringa. Utvalde entreprenørar og bønder kjem til å teste den ut i vår. I tillegg undersøker NLR Rogaland kor godt eigna varmesøkande dronar er til å enkelt finne vipereira. Aukande bestandar av rev og kråke er tema som raskt kjem opp i samtalen med bøndene, og det handlar om å få til samarbeid mellom grunneigarar og dei som vil jakte. I arbeidet innsåg vi raskt at vipa treng eigne fagdagar slik at bønder, entreprenørar, fuglefolk og forvaltning saman kan diskutere dei gode løysningane. Dei som vil ta turen til Rogaland er velkomne 4. mars til Undheim eller 10. mars til Tysvær.
Kontaktperson:
Monica Dahlmo, fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66.