Pris for banebrytande kornforedling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 23.01.2020
Forskar og kornforedlar Lars Reitan fekk Plantearvenprisen 2019 for arbeidet sitt med å utvikle meir robuste norske kornsortar, spesielt bygg. Plantearvenprisen blir delt ut av Norsk genressurssenter i NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfold – til nytte for norsk matproduksjon.
Juryen skriv om Lars Reitan at han har vore sentral: «i norsk og nordisk planteforedling siden 1980-tallet som foredler av banebrytende byggsorter og bruk av genetiske ressurser innen resistensforedling. Framgang i avling i nord forutsatte bedre og kortere strå, tidligere modning og bedre resistens.»
Med utgangspunkt i byggsortar som allereie var tilpassa forholda i Trøndelag, tilførte Reitan genetiske eigenskapar frå ulike kjelder for at kornet skulle bli betre eigna til å møte krevjande vervariasjonar. Slik utvikla han nye sortar som har bidratt til vesentleg å auke norsk kornproduksjon gjennom ein unik kombinasjon av høg avling, tidleg modning, god klimatilpassing, betre stråstyrke og betre motstandskraft mot sjukdom.