Gjer levevilkåra til pollinerande insekt betre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.05.2020
Pollinerande insekt er viktig for naturmangfaldet og matproduksjonen i verda. Difor er det viktig å gjere tilhøva gode for humler, bier og andre insekt.
Alle kan gjere ein forskjell for pollinerande insekt. Anten det er i hagen, på balkongen, eller i og utanfor byen.
![Bie. Bie.](/contentassets/d75b67507263450fb68aa57f84d9f421/bie-pa-frukttre-colourbox4044384.jpg?preset=article&v=1395509349)
Landbruksføretak kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard. Ein kan søke om tilskot dersom ein blant anna skal plante blomstar som er vennlege for pollinerande insekt i jordbruket, eller skjøtte pollineringsvennlege jordbruksareal. 3,8 millioner kroner ligger i denne ordningen.