Jordbruksoppgjeret 2020 oversendt Stortinget
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.05.2020
Proposisjon om jordbruksoppgjeret 2020 er i dag oversendt Stortinget. På grunn av koronapandemien har det i år ikkje vore mogleg å gjennomføre tradisjonelle forhandlingar. Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten vart derfor 30. april samde om jordbruksavtale for 2020-2021 etter forenkla forhandlingar.
Partane vart samde om ein jordbruksavtale for å medverke til meir stabile rammevilkår for bøndene og matproduksjonen. Avtalen skal betre det økonomiske grunnlaget for næringen, men utan at det vanlege grunnlagsmaterialet ligg til grunn. Alternativet var å forlenge gjeldande avtale og gjennomføre forenkla forhandlingar til hausten, jf. at også lønnsoppgjera er utsett.
Avtalepartane har fordelt ein auke i løyvingane til jordbruksavtalen på 350 millioner kroner i 2021, og målprisane blir auka med 1 ¾ prosent i gjennomsnitt. Budsjettmidla blir disponert særleg til pris- og direktetilskott, og er fordelt for å styrke det økonomiske grunnlaget for matproduksjon, spesielt korn, potet og grønt, og for å ivareta klima- og distriktsomsyn.