Ledig stilling som avdelingsdirektør for seksjon jordbrukspolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 22.05.2020
Landbruks- og matdepartementet har ledig ei fast stilling som avdelingsdirektør i seksjon jordbrukspolitikk.
Stillinga si hovudoppgåve er å leie og koordinere arbeidet i seksjonen. Avdelingsdirektør for seksjon jordbrukspolitikk har mellom anna følgjande oppgåver:
- Fagleg oppfølging og kvalitetssikring på seksjonsen sine ansvarsområder, politikkutforming, regelverksutvikling, enkeltsakshandsaming, etc.
- Leiing og oppfølging av seksjonens for tida ni medarbeidarar, mellom anna eit juristteam på fire juristar
- Medlem av landbrukspolitisk avdeling si leiargruppe
- Kontakt med politisk leiing
- Deltaking i jordbruksforhandlingar og oppfølging av sekretariatsansvaret
- Oppfølging av etatsstyringa av Landbruksdirektoratet
- Nært samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i departementet
- Kontakt med andre departement, underliggande etatar, andre institusjonar, eksterne aktørar og organisasjonar