Fakta om norsk landbruk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.03.2020
I dag drikk kvar av oss 89 liter mjølk årleg. For vel 30 år sidan drakk vi nesten 90 liter meir. Vi et 18 kilo ost og 67 kilo kjøt. Det er 5 kilo meir ost, og nesten 20 kilo meir kjøt enn i 1988. Slike tal og mange fleire er samla i NIBIO si årlege oppsummering av statistikk om norsk landbruk, Utsyn, som gir både overblikk og innblikk.
I år blir Utsyn gitt ut som ein populærvitskapleg publikasjon – ein NIBIO POP. Tala fortel om tilstand og utviklingstrekk.
På tretti år, frå 1989 til 2018, blei talet på gardsbruk meir enn halvert frå 99 400 til 39 600.
Produksjonen blir konsentrert på færre einingar utan at samla produksjonsvolum går ned. Strukturutviklinga i jordbruket er kjenneteikna ved at talet på jordbruksbedrifter med husdyr har gått kraftig ned. I 1999 hadde gjennomsnittsbruket 147 dekar jordbruksareal. I 2018 var talet 249 dekar.
Ca. 39 prosent av landarealet i Noreg, eller 126 millioner dekar, er skogkledd. Talet var det same for ti år sidan. Skogen endrar seg sakte. Arealet omfatter skog både under og over barskoggrensa. Vel 25 prosent av dette arealet er produktiv skog. Ein prosent av eigarane, 1 200 av totalt 127 000, har hand om 1/3 av det produktive skogarealet. 84 prosent er private eigarar.