Historisk arkiv

Årets avling i Trøndelag er i hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Trøndelag har gjort opp ein førebels statusrapport for vekstsesongen 2020 i Trøndelag. Per medio oktober er det meste av årets avling no i hus, men det står framleis igjen noko korn på åkrane i Trøndelag.

Trønderkornet bidrar til stor verdiskaping og til kortreist kraftfôr til dyra. Anslag for totalavling er usikkert, men oppimot 160.000 tonn er nok berga no. Det kan  ha ein førstehandsverdi på om lag ein halv milliard kroner.

Grovfôravlinga for året vart svært variabel i Trøndelag. Distrikta i midtre, indre og lågare strøk kom best ut av det, medan mange kystkommunar, fjellkommunar samt indre Namdal ikkje fekk nokon god 2. slått som vog opp den dårlege 1.slåtten. 

Sesongen for frukt og bær vart rimeleg bra i år. Særleg bringebæra fekk eit løft med varmen i juni, i den tida bringebæra er i blomst. For jordbæra vart det best for dei med tunneldyrking.

Skurtresking i Klæbu første veke i oktober.
Skurtresking i Klæbu første veke i oktober. Foto: Anne Solstad