Søkjartal fagskole og høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 30.04.2021
Søkjartala til dei grøne utdanningane har samla sett halde seg stabile frå rekordåret 2020. Det er framleis stor interesse for agronomutdanning på universitet og høgskole. Det er gode søkjartal til høgare yrkesfagleg utdanning og det blir stadig fleire grøne fagskoletilbod.
– No ser vi resultat av regjeringa si satsing på fagskole, og det er gledeleg å sjå den auken og bredda som fagskolane no tilbyr innanfor landbruks- og matfag. Vi treng gode tilbod på alle utdanningsnivå, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Søkjartala til dei landbruksrelaterte grøne utdanningane har samla sett halde seg stabile frå i fjor til i år. For landbruksfaga har søkjartala gått noko ned frå i fjor, men ser ein dei to siste åra under eitt (2019–2021), er det ein auke på fire prosent. Bachelorutdanning i agronomi (ved Høgskolen Innlandet) hadde ein kraftig auke frå 2019 til 2020, og dei høge tala har halde fram i 2021. Det har over fleire år vore stor interesse for årsstudium i økologisk landbruk, som er eit nettbasert deltidsstudium over to år. Nær 240 førstevalssøkjarar har søkt på dette i år.
– Eg er glad for den samla interessa for grøne utdanningar. Vi treng kompetanse innanfor ei rekke ulike fagområde for å utvikle landbruket og for å omstille oss til ei grøn framtid. Eg merker meg også dei høge søkjartala til agronomistudiet og den store interessa for økologisk landbruk, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Mange ønskjer å ta høgare yrkesfagleg utdanning
I 2020 kunne ein for første gong søkje høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak, på lik linje med anna høgare utdanning, noko som saman med covid-19-pandemien truleg er forklaringa på den store auken i talet på søkjarar til fagskulane. Høgare yrkesfaglege utdanningar er framleis populære i 2021. Over 430 personar har søkt ei mat- eller landbruksfagleg utdanning på fagskole-nivå. Hotell- og restaurantdrift (Fagskolen i Viken) har hatt ein vekst på 57 prosent sidan 2020 og Planteproduksjon og ledelse ved Fagskolen i Innlandet fekk 45 førstevalssøkjarar til 30 planlagde studieplassar. Samstundes har det vore ein stor vekst i talet på landbruksfaglege tilbod. Det er no totalt 14 tilbod fordelt på fire fagskolar i landet.
Rekordmange søkjarar til høgare utdanning
Aldri før har så mange søkt om plass ved landets universitet og høgskolar. I år har over 154 000 søkt om studieplass. Det er 3 304 fleire enn i rekordåret 2020, og ein auke på 2,2 prosent. I tillegg har nesten 13 000 søkt plass på en fagskole.